Film

Livredd lysta

Litteratur, lyst, klasse og kjærleik er kjende ingrediensar i ein nyansert og fin fransk film.

Sami Outabali og Zbeida Belhajamor spelar hovudrollene i den tunisiske filmen som går føre seg i Paris.
Sami Outabali og Zbeida Belhajamor spelar hovudrollene i den tunisiske filmen som går føre seg i Paris.Sami Outabali og Zbeida Belhajamor spelar hovudrollene i den tunisiske filmen som går føre seg i Paris.
Publisert

Drama

Ahmed (Outalbali) byrjar på litteraturstudium ved Sorbonne, ei dryg kollektivreise frå forstaden der han bur med foreldra og systera. Første dag får han dei usikre augo opna på stilk av stilige Farah (Belhajamor). Ho kom nett frå Tunisia. Ho er sjølvsikker og vil leve det bohemske livet i Paris. Han må søke opp «kule stadar i Paris» for å vise henne eit liv han sjølv aldri har opplevd.

Kulturkollisjon

Den tunisiske regissøren Leyla Bouzid studerte òg litteratur på Sorbonne. Der las ingen arabiske forfattarar, men ho kjenner miljøet og sender stødige drypp av nyansar. Her er «bountyarabarar» som er kvite inni, og «zimigri», arbeidsinnvandrarar som aldri tilpassa seg.

Ahmed har aldri vore i Algerie og kan ikkje arabisk. Farah er ei moderne storbyjente frå Tunis som krev respekt. Det handlar om klasse, men òg om generasjonar. Kanskje var familien til Ahmed annleis då dei flykta frå Algerie for å hamne nedst på den franske rangstigen. Ahmed er i spenn. Sjølvforståinga vaklar. Han plagar systera for å forsvare ryktet, men foreldra verkar milde. Venene ser Ahmed som pretensiøs «parisar». I universitetsmiljøet er han framand.

Fransk vår

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement