Teater

Livfull, men litt glatt hippieretur

Hair kviler enno på herlege songar, men ikkje så mykje meir.

Publisert

Oslo Nye Teater

Det er ein vanskeleg og stundom farleg ting å hente fram klassikarar som ein gong var banebrytande. Dei klassikarane som held seg best, er sjølvsagt dei som sjølv i samtida peika ut over samtida si. Gjorde den legendariske 60-talsmusikalen Hair det? Både ja og nei. Bodskapen om kjærleik i staden for krig og fridom til individualisme i staden for uniformering, jau, sjølvsagt. Men stykket bringa i si tid sex og dop og rock & roll inn i dei velurkledde teatersalongane. Det endelege uttrykket var ein skikkeleg brannfakkel. I dag er vi heller avstumpa når det gjeld slike tabu, og resultatet kan fort bli, som det eigentleg no blir på Oslo Nye, meir ein nusseleg nostalgitripp.

Den britiske regissøren Lisa Kent er ein grundig, røynd musikaloperatør, og ho har forståeleg nok lagt oppsetjinga nærast mogleg opp til den opphavlege versjonen, ein musikal med ein eigentleg syltynn raud tråd, der framdrifta er meir avslutta revynummer enn ei jamt samanhengande handling. Dei av oss som hugsar filmversjonen frå 1979, kan nok sakne litt meir substansiell handling, for filmen var sånn sett heilt annleis. Det finaste med regien til Lisa Kent er at ho kombinerer den energiske musikalelegansen – som sjølvsagt òg koreografen Rebekka Lund er ansvarleg for – med ei overtydande tilbakelent livskjensle, slik dei langhåra blomsterborna står fram for oss.

Det er langt på veg nett slik vi alltid har sett dei for oss. Scenebiletet, fargerikt og sleivete, stadfester det same. Ensemblet er velopplagt, og vi gler oss særleg over Eldar Skar, Petter Vermeli, Henriette Faye-Schøll og mange andre, som Josefine Frida Pettersen når ho syng hjartevarmande «Frank Mills», og Solveig Andsnes med «God morgen, stjerne». Omsetjaren skal òg ha sin del av æra for at songane kjem ut like sterkt som før.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement