Bok

Livets lyse og mørke tangentar

Pianisten Eva Knardahl har fått ein solid, men noko forsiktig og lite nærgåande biografi.
 

Eva Knardahl var konferansier på Molde Jazzfestival i 1991. Ho vart frakta rundt i ein Cadillac Fleetwood av 1957-årgang.
Publisert Sist oppdatert

Biografien Det som er riktig i øyeblikket blei lansert under årets festspel i Bergen. Der hadde biograf Hilde Holbæk-Hanssen med seg dei tidlegare Knardahl-elevane Torleif Torgersen og Håvard Gimse. Begge har vore kjelder for henne i arbeidet med boka om Eva Knardahl. Holbæk-Hanssen er musikkvitar og skribent og har brukt fem år på å skrive biografien. Grundig research og omfattande kjeldebruk er nøkkelord i dette arbeidet.

Godt kjeldearbeid

Det var lite personleg dokumentasjon att etter Knardahl, det sørgde ho sjølv for ved å øydelegge eigne notat og arkiv. Då Holbæk-Hanssen blei spurd om ho ville ta jobben med å biografere Knardahl, måtte ho difor starte med andre kjelder. To tidlegare elevar er nemnde, men dei utgjer berre ein liten del av all informasjonen forfattaren har skaffa seg gjennom å intervjue familie, vennar, studentar og kunstnarkollegaer – heile 101 personar til saman.

Frå vedunderbarnsbein av fekk Knardahl ein heil del omtale og spalteplass i aviser, vekeblad og bøker. Det omfattande materialet dette utgjer, har Holbæk-Hanssen drege stor nytte av. Mykje av stoffet gjengir ho i boka. Det er nok ikkje til å unngå at eit verk med så omfattande kjeldetilfang kan få eit visst preg av oppramsing og verke einsidig, men like fullt er resultatet eit imponerande og systematisk arbeid der kunstnarfase etter kunstnarfase og hending etter hending glir inn og formar ein musikkhistorisk samanheng.

Rikt bilete

Det er ein tradisjonell biografi vi har med å gjere, der tekst i kronologisk orden rekonstruerer levd karriereliv og skriv det fram til ein gjenkjenneleg heilskap. Vi får høyre om vedunderbarnet, ungdomstid, opprør og livet under tysk okkupasjon og i etterkrigsåra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement