Livet sett på fråstand
Humor, melankoli og det underlege sett i poetisk system.
Frank Kuppner, skotsk poet og romanforfattar, skriv forunderlege tekstar. Ein kjenner både melankolien og ein pussig humor når ein les dei. Dikta er ikkje vanskelege, heller prosaiske, klåre og tydelege som eit snapshots, likevel er det noko som alltid verkar å gleppe.
Samlinga Å se med et intelligent blikk på nakne kvinner inneheld fem langdikt og vart utgjeven første gong på engelsk i 1987. Kuppner er kanskje mest av alt ein lesar og tolkar av hendingar og handlingar. Han betraktar fotografi tatt frå før første verdskrigen, sirklar inn fråværet til den nakne kvinna, og i «Bevegelser i krypten. Femti grenseballadar» er det glimta frå andre sine liv diktet fangar inn. Kuppner skriv også om dører, i ei besynderleg biografisk skisse til eige liv: «Døren min har forandret seg til det ugjenkjennelige;/ den minst gjenkjennelige delen av et ugjenkjennelig sted».
Ironisk blikk
Kuppner betraktar hendingane på lang fråstand, med eit ironisk blikk som verkar å registrere absolutt alt. Det trivielle vert bokført hand i hand med det opphøgde, som ikkje vert forfremja, og det vitnar om ein «gjenstridig nivillering», slik den norske redaktøren Rune Christiansen uttrykkjer i etterordet.
Eit gap opnar seg mellom den sjåande og det han ser på. Nett fråværet og glipa utgjer ein stor del av dikta til den skotske poeten, trass i at diktsekvensane, i sin omhyggelege skildringsiver, ser ut til å fylle og dekkje kvar einaste moglege krok og bresje. Likevel, det er nett desse tomromma det dreiar seg om, mellom til dømes to personar sett på avstand frå fotograflinsa, og deretter avstanden i tid mellom fotoet og den som saumfer fotoet.
Pedantisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.