Musikk

Livet frå begge sider

Joni Mitchell-konserten frå Newport-festivalen i fjor er ute på plate.

Joni Mitchell på den 64. Grammy Awards-utdelinga i april i fjor.
Joni Mitchell på den 64. Grammy Awards-utdelinga i april i fjor.
Publisert

Det er gode grunnar til å unngå eit klisjétungt uttrykk som «gåsehud» når ein skriv om musikk. Og likevel – sanninga er at eg kan kjenne huda trekkje seg saman og verte nuppete i møtet med opptaket frå konserten Joni Mitchell gjorde på Newport-festivalen i fjor sommar, då ho mot formidable odds vende tilbake til scenen etter at ho vart alvorleg sjuk sju år tidlegare.

I 2015 vart nemleg Mitchell sett tilbake av ei utposing i hjernen. Etterpå kunne ho verken gå eller snakke. At ho skulle dukke opp på ein scene igjen, var det vel ingen som torde å håpe på. Likevel var det akkurat det ho gjorde i fjor sommar, på den vidgjetne Newport-festivalen – den første konserten hennar på meir enn tjue år.

Eg kan hugse at eg rynka litt på nasen då dei første klippa dukka opp i sosiale medium i fjor, der den eine overgjekk den andre i emosjonelle utbrot – kor mange skulle dele med verda at dei måtte gråte ein skvett over dette mildt sagt uventa synet? Men sjølv ein grinebitar som eg måtte gi meg over. Det skulle berre nokre sekund til før tåra var der i augekroken.

«Joni jam»

Dette er nemleg eit opptak det er uråd å lytte til utan å ta inn over seg kor ladd det er – av tung livserfaring, av sta livsvilje, av musikkens særeigne livskraft. Eit koppel av dyktige folk er med på scenen, med Brandi Carlile i spissen, og den første store augneblinken kjem alt før introduksjonen er over, idet det går opp for publikum at Mitchell sjølv er der.

Dramaturgien er perfekt. Carlile ber alle førestille seg at dei er i stova til Mitchell – sjå opp for alle orkideane! ­– og at dei no skal vere vitne til ein såkalla «Joni jam», kveldar der artisten i nyare tid har samla vener og musikarar i heimen sin, for å spele og syngje i lag. «How are we going to have a Joni Jam without our queen», spør Carlile. «We’re not!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement