Bok

Livet er usikkert, et dessert først

Hos Tore Stubberud får måltidet ei langt vidare tyding enn å stille fysisk svolt.

Tore Stubberud har skrive ein sjølvbiografisk Frankrike-roman.
Tore Stubberud har skrive ein sjølvbiografisk Frankrike-roman.
Publisert

Å ete for å leve eller å leve for å ete? I Tore Stubberuds nye bok er dette eit irrelevant spørsmål og ikkje nokon motsetnad. Den Østfold-baserte bonden, filosofen, omsetjaren og forfattaren av skjønnlitteratur og sakprosa har skrive ei bok der mat og måltid står i sentrum. Berikelsen har han gitt merkelappen «roman».

Ein annan merkelapp kunne venteleg ha vore «memoarar», den einaste handlingstråden som driv teksten framover (men ikkje heilt kronologisk), er minna og refleksjonane til eg-forteljaren. Ved å kalle boka «roman» står forfattaren friare i skildringane av faktiske tilhøve og menneske som har levd. Møte med menneske i inn- og utland er (nesten) like viktige som maten.

Om bøker av denne typen skal vere leseverdige, står og fell på om det språklege held mål. Stubberud lykkast langt på veg. Boka er som ei danningsreise full av spontane innfall og hendingar, der danninga aller mest skjer gjennom maten. Det er sjeldan ein ser så detaljrike og sanselege skildringar av mat, av synet av han, lukta sjølvsagt, og ikkje minst alle nyansane i ulike smaksopplevingar og dessutan av menneske som et. Som ved eit godt måltid er boka best om ein lener seg tilbake og nyt, utan altfor mange kritiske spørsmål.

Svolt og metafysikk

Trongen til å mette seg blir gitt ei metafysisk tyding i denne boka. Svolten driv mennesket, ikkje berre etter å stille hungeren, men etter å strekke seg, nå langt ut over sin eigen kropp og ut i verda.

Alt byrjar heime i Stubberuds heimtrakter, Borgenhaugen utanfor Sarpsborg, der det bur «fem hundre sjeler og en håndfull høyrefolk». Det er eit arbeidarklassemiljø der dei fleste har eit stridt liv. Borregaard har vore eit sentralt namn i norsk industri i fleire hundre år, særleg cellulosefabrikken grunnlagd tidleg på 1900-talet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement