Bok
Livet er alltid i rørsle
Ein, ingen og hundre tusen er ein sprell levande roman om den uvisse identiteten.
Luigi Pirandello vart fødd på Sicilia i 1867 og døydde i Roma i 1936.Luigi Pirandello vart fødd på Sicilia i 1867 og døydde i Roma i 1936.
Foto: WikipediaFoto: Wikipedia
Roman
Du er éin slik du ser deg sjølv, og ein annan slik andre ser deg, endåtil ein ny slik annan for kvar av dei andre. Denne oppdaginga gjer eg-personen Vitangelo Moscarda i romanen Ein, ingen og hundre tusen av Luigi Pirandello. Boka kom ut på italiensk i 1926, og er no sjølvsagt ei anna, i og med at ho kjem på norsk i 2020, samstundes som ho er den same, men på norsk er ho ikkje lenger ingen.
Identitetskrise
Tildrivet til den store oppdaginga som gjer Vitangelo Moscarda galen, er at kona hans, Dida, som kallar han Gengè, informerer han om at nasen hans er skeiv, noko han sjølv aldri har lagt merke til. Han lyt innsjå at ho har rett, og denne påpeikinga vert innleiinga til ei djup identitetskrise.
Her kan ein jo tenkja at det er illusjonen om det perfekte som først får seg ein knekk, og eg minnest noko frå eit kåseri av Ingvar Moe, der han seier at han mange gonger har trudd han har funne den perfekte kvinna, men då han kom nær nok, såg han at «hu hadde ei skeive tådn», men hjå Moscarda stikk det endå djupare, naturlegvis av di den nye kunnskapen gjeld han sjølv.
Han innser at han ikkje veit kven han er, og at han ikkje kan vita dette. Ikkje kan han observera seg sjølv heller, for då vert han påverka av observatøren, og han kan ikkje sjå livet sitt, for det er alltid i rørsle. Her, i ei komisk framstilling, er Pirandello interessert i meir enn eit filosofisk studium av eksistensen. Fenomenologien møter psykologien og sosialantropologien i ein stakkar som er råka av innsikt, og slikt skal stakkarar akta seg for.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.