Film
Livet er å plystre
Rumensk korrupsjon møter spansk mafia i ein fin film noir med forviklingar og herleg humor.
Filmen vart nominert til Gullpalmen på filmfestivalen i Cannes i år. Gilda vert spelt av Catrinel Marlon.
Foto: Another World Entertainment
Den rumenske politimannen Cristi (Ivanov) kjem i land på La Gomera, ei slåande vakker naboøy til Tenerife. Her introduserer Gilda (Marlon) frå heimlandet han for kanariske kriminelle av høg klasse.
Dei skal lære han det Unesco-oppførte plystrespråket silbo gomero, som er eigna for kommunikasjon over hovudet på mindre korrupte politifolk. Klipp til Bucuresti, overvakingskamera, pengevask og komplisert balansekunst for Cristi.
Rollespel
Den nye filmen til Corneliu Porumboiu er ikkje ein thriller, slik kinosidene hevdar. Krimkomedie er meir korrekt. Med Porumboiu er alltid humoren med.
No hyllar han film noir og leikar seg med referansar. Cristi er antihelten som rotar med rolla som lovens arm. Gilda er den obligatoriske femme fatale, men blendar kanskje publikum like mykje som spanarane. Dei som trur Catrinel Marlon har rolla berre til pynt, tar feil. Ho er god.
Filmen er delt i sekvensar som har tittel etter figurane, der tidslinene blir fletta saman. Det gjeld å henge med for å vite kven som lurar kven. Alle har pokerfjes.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.