Bok

Litteraturfest der store har gått føre

I Grimstad gjer dei seg litterær nytte av både Hamsun og Ibsen, begge med ei fortid i byen.

Jan Gunnar Røise som Terje Vigen.
Jan Gunnar Røise som Terje Vigen.
Publisert

Ibsen- og Hamsun-dagene i Grimstad har noko som knapt nokon annan litteraturfestival kan skilte med: historisk krav på både Henrik Ibsen – seks unge lærlingår i byens apotek – og Knut Hamsun, med adresse Nørholm i 34 år. I tillegg har byen ein unik arena for litterære samtaler og «bokbad». I festivalsamanheng er ikkje Apotekergaarden berre ein populær serveringsstad, men framfor alt eit hus med ein svært spesiell bakgard, der 300 publikummarar kan samlast i friluft, men med dekning over hovudet i form av presenningar spente opp som tak.

Her vaglar folk seg med mat og (mest) drikke, kring små og større bord, og i ulike høgder, likevel slik at alle kan få med seg det som skjer på den vesle scena. Med full klaff er det òg råd å oppleve ulike naturelement, som vindkast så kraftige at ein ser kor arrangørane krympar seg i frykt for kva som kan skje med presenningane, og ei heftig regnskur som hamrar rytmisk på det improviserte taket.

Publikumsappell

Dette er scena for ein festival som no i august gjekk av stabelen for 25. år på rad. Ein festival som ikkje har gløymt dei to gigantane som er opphavet, men som i dag også er ein møtestad for aktuell litteratur og debatt. Ein festival som i ein stadig tøffare konkurranse maktar å trekkje til seg dei gode og «sikre» namna med brei publikumsappell.

Men som også finn rom for yngre røyster som enno ikkje har nådd opp i eliteklassen. Ein festival som tek vare på det intime og byr på det vennleg sørlandske. Ein festival som styrer unna det heseblesande og ikkje byr på konkurrerande innslag som gjer valet vanskeleg. Under Mari Nymoens dyktige leiing noko som i kvalitet og omfang med rette kan kalle seg Sørlandets litteraturfestival. Samla besøk låg på noko over 3000 menneske.

Tida då ekspertane samla seg i Grimstad for å drøfte fagdetaljar frå Ibsen-litteraturen, er for lengst forbi. Men både Ibsen og Hamsun står årleg på festivalprogrammet, dels i form av byvandringar i deira fotefar, dels i form av det faste Ibsen-foredraget og det tilsvarande Hamsun-foredraget. Så har Ibsen sitt museum i byen, og no ligg alt til rette for at det kjem eit Hamsun-museum i det gamle Grimstad sjukehus, der han sat i arrest i 1945.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement