JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Studium av store menn

Kan hende er det noko med tida vi lever i, og ei aukande misnøye med politikarane. Faktum er at fleire forfattarar nyss har skrive komparative biografiar: politiske gruppeportrett av fortidige og notidige statsleiarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Biografen Kissinger meiner at Nixon var ein evnerik strateg som losa verda gjennom ein særleg farefull fase av den kalde krigen, men analysen Nixon brukte, hadde han i stor grad fått frå Henry Kissinger sjølv.

Foto: AP / NTB

13601
20231103
13601
20231103

Biografi

Ferdinand Mount

Big Caesars and Little Caesars: How They Rise and How They Fall – from Julius Caesar to Boris Johnson

Bloomsbury, London, 2023

Ian Kershaw

Personality and Power. Builders and Destroyers of Modern Europe

Penguin Press, London, 2022

Henry A. Kissinger

Leadership

Penguin Press, London, 2022

Frank Dikötter

How to be a Dictator. The Cult of Personality in the Twentieth Century

Bloomsbury, London, 2019

Snorre samanliknar iblant eigenskapane til kongar. Han skriv til dømes at Magnus Berrføtt, som førte ein aggressiv og ekspansiv utanrikspolitikk, var meir lik farfar sin, Harald Hardråde, i lynne og alle ting, enn far sin, Olav Kyrre. Snorre synest å leike med tanken om at personlege trekk og eigenskapar kan hoppe over eit ledd i kongerekka.

Slike samanlikningar er ei eiga grein innan politisk historie og statsvitskap. Ho går heilt tilbake til antikken. Den romerske historikaren Svetons (70–126) bok De vita Caesarum – ei systematisk samanlikning av tolv romerske keisarar – er ein vidgjeten klassikar. Machiavellis bok Fyrsten kan òg reknast med til sjangeren.

Boris Johnson og Donald Trump blæs nytt liv i denne typen komparative biografiar. Nokre av dei er skrivne av vidgjetne forfattarar som Ian Kershaw, Frank Dikötter og Henry Kissinger. Den nyaste kom ut tidlegare i år. Han er skriven av Ferdinand Mount, ein kunnskapsrik og produktiv brite med politisk erfaring frå krinsen av rådgjevarar rundt Margaret Thatcher.

Historiske populistar

Med boktittelen Big Caesars and Little Caesars erkjenner Mount si gjeld til Sveton. Korleis skal vi skjøne at leiarar som Boris Johnson og Donald Trump kan bli valde i verdas fremste demokrati, spør han.

Vi likar å tru at Johnson og Trump er unnatak. At dei har svindla til seg makta i urolege tider, og at dei er mellombelse kviser på demokratiets rumpe. Men dette har ikkje Mount noka tru på. For å underbyggje poenget sitt samanliknar han dei to leiarane frå vår tid med historiske leiarar. Resultatet er ei slags brukarhandbok i cæsarisme.

I bokas første del presenterer Mount fleire «store menn» – Julius Cæsar, Oliver Cromwell, Napoleon Bonaparte, Charles de Gaulle og andre. Han drøfter trekk og eigenskapar ved dei. Han vil isolere det som Machiavelli kalla fyrstars virtù. Bokas andre del syner korleis personlege trekk og hersketeknikkar hjelpte dei til makta – korleis dei hadde talegåver og ei uforklarleg utstråling eller karisma, og korleis dei nytta systematisk propaganda. Gjerne basert på kynisk lygn.

Men store leiarar kan òg miste makta. Bokas tredje del viser korleis dette kan gå til. Her er kapittel om Catilinas mislukka forsøk på å ta makta i Rom i 63 før Kristus saman med forsøket til britiske konservative på å styrte Boris Johnson – og nokre ord om korleis Donald Trump tapte presidentvalet i 2020.

Krise til storleik

Ian Kershaw undrar seg på kva som kjenneteikna dei viktigaste statsleiarane i Europa i det 20. hundreåret – altså ikkje berre diktatorar, heller ikkje dei beste leiarane, men dei historisk viktigaste: dei som sette dei djupaste spora etter seg i Europas historie.

Det er få som veit så mykje om europeisk – og særleg om tysk – politisk historie som Ian Kershaw. Den nye boka hans, Personality and Power, har ei overrasking på lur: Den vidgjetne historikaren nyttar ei samfunnsvitskapeleg tilnærming. Han byrjar med å presentere forskingsspørsmål, teori og hypotese, deretter fylgjer kapittel som freistar å teste hypotesen på den eine statsleiaren etter den andre.

Teorien hans kjem frå ein diskusjon der han set to tesar opp mot kvarandre. Den eine tesen kjem frå den skotske historikaren Thomas Carlyle om at «store menn» formar historia gjennom handlingane sine. Den andre kjem frå Karl Marx, som skriv at rett nok kan statsleiarar påverke historia, men dei er òg forma av historia – at når dei handlar, så gjer dei det ikkje under tilhøve som dei sjølve har valt. Kershaw diskuterer seg fram til ein olebrummsk syntese: Ja, takk, begge delar. Han vil ha både store menn og formande kontekst.

Personlegdom

Spørsmålet Kershaw stiller, dreier seg om statsleiaranes personlegdom. Kva slags personlegdom hadde dei? Var han særeigen? Verka han inn på leiarskapen deira? Hypotesen hans er ikkje særleg original: Personlegdom spelar ei rolle. Dette freistar han å «teste» på eit dusin av Europas viktigaste leiarar, og han går kronologisk til verks. Han byrjar med å vurdere Lenin, Stalin, Mussolini og Hitler. Deretter tek han føre seg Churchill, de Gaulle, Franco, Tito, Adenauer, Gorbatsjov, Thatcher og Kohl.

Det er inga overrasking at hypotesen blir stadfesta i kvart kapittel. Men han blir òg presisert: Personlegdom spelar ei særleg stor rolle i krisetider. Ja, store leiarar voks fram av store kriser, konkluderer Kershaw. Han tar i bruk Max Webers omgrep karisma for å klargjere argumentet.

Store leiarar tek i bruk propaganda, skriv han og viser korleis diktatorar svinga seg til makta gjennom sosial revolusjon (Lenin), parlamentarisk paralyse (Mussolini) og økonomisk depresjon (Hitler), og korleis demokratar leidde landet sitt i krigstider (Churchill og De Gaulle) eller losa nasjonen sin i overgangen frå diktatur til demokrati (Adenauer og Gorbatsjov).

Men så er det òg slik at kriser kan skapast. Fleire leiarar har festa grepet om makta gjennom kriser dei sjølve har skapt. Autoritære leiarar gjer dette støtt (Stalin, Mussolini, Franco og no i vår tid Putin). Dei har skremt innbyggjarane sine med at dei er kringsette av fiendar. Demokratiske leiarar òg, når ein tenkjer litt etter (som når Truman skremde vitet av den amerikanske kongressen i 1947, slik at han gav bistand til Hellas og Tyrkia).

Akkurat dette skriv Kershaw lite om. Den som vil vite meir om slike leiarar og krisene dei skapte, finn fleire døme i boka til Dikötter.

Diktatur og propaganda

Den nederlandske historikaren Frank Dikötter opnar med ein god observasjon: at eit utal leiarar har tatt makta med vald, men at vald ikkje er nok for å halde på makta. Ein diktator må ha apparat for overvaking og undertrykking – militære styrkar, hemmeleg politi, spionar, informantar, torturistar og så bortetter. Men viktigast av alt – og her er han einig med Mount og Kershaw: Han må ha eit apparat for propaganda.

Ein diktator må skape frykt, men frykt åleine skapar ikkje noko varig og stabilt regime, skriv Dikötter (slik Machiavelli slo fast 500 tidlegare). Ein diktator må blande frykta med respekt og beundring og byggje seg folkeleg støtte. Men korleis skal han få det til når han har teke makta med vald?

Dikötter finn eit svar ved å samanlikne eit titals moderne diktatorar: dei fire store (Mussolini, Hitler, Stalin og Mao), og ein del små (Kim Il-sung, François Duvalier, Nikolae Ceausescu og Haile Mengistu mellom dei).

Løyndomen deira kan summerast opp i eitt ord: propaganda. Ein systematisk, massiv, kynisk og konstant hamrande apoteose – ei oppheving av mennesket til guddom. Dette har fått hundrevis av millionar til å juble når dei har fått eit glimt av diktatoren sin. Dei har sitert slagorda hans, bøygd nakken i ærefrykt framfor biletet hans, tatt av seg hatten ved statuen hans, lovprisa namnet hans som om han skulle vere ein gud, medan dei har vorte leidde ned vegen til slaveriet, om ikkje til slakteriet.

Diktatorane har halde på makta takk vere kombinasjonen av frykt og ein intens, persondyrkande propaganda som har vore så effektiv at han iblant har skaffa diktatorane glødande tilhengjarar langt utanfor sitt eige land.

Mount er sprenglærd, britisk og elegant og spring lettbeint kring i politisk historie og plukkar eksempel som set populistiske leiarar i vår eiga tid i historisk perspektiv. Kershaw er òg lærd, britisk og elegant. I denne boka er han lettbeint òg: Han trekkjer på bøker han har skrive før. Særleg på dei to siste, tjukke, framifrå binda han skreiv for The Penguin History of Europe (To Hell and Back: Europe 1914–1945 og Roller-Coaster: Europe 1945–2017). Og så trekkjer han på den monumentale biografien sin om Adolf Hitler.

Meir enn ei historiebok

Kissinger er den einaste av dei fire som ikkje trekkjer tungt på tidlegare bøker. Leadership blei publisert i fjor. Då var Kissinger 99 år. I ein alder der mange ikkje hugsar si eiga adresse, har Kissinger full kontroll på livet og virket til seks av dei mest betydelege leiarane i siste halvdel av det 20. hundreåret: Konrad Adenauer, Charles de Gaulle, Anwar Sadat, Lee Kuan Yuw, Margaret Thatcher og Richard Nixon. Han vurderer kvar og ein av dei i ljos av utfordringane dei stod overfor, måten dei analyserte utfordringane på, den politiske strategien dei utvikla for å løyse dei, og korleis dei omsette strategien i praktisk diplomati.

Kissinger har skrive den grundigaste og mest ettertenksame av dei fire bøkene. Han plasserer dei seks leiarane i detaljrik innanriks- og verdspolitisk kontekst – så rik at boka hans blir ei verdfull kjelde til kunnskap om internasjonal historie i siste halvdel av det 20. hundreåret.

Sidan alle seks er leiarar som Kissinger har forhandla med, og som han lærte å kjenne, i nokre tilfelle svært godt (Nixon, Sadat og Lee Kuan Yew), så er denne boka meir enn ei historiebok. Forfattarens direkte observasjonar gjer at ho nesten er som ei primærkjelde å rekne.

Som alle primærkjelder må også denne naturlegvis vurderast kritisk. Eit av dei mest interessante kapitla i boka er det djuptloddande portrettet av Charles de Gaulle. Kissinger viser korleis de Gaulle blei vald som landets president i kraft av retorikk og karisma. Mellom anna skapte De Gaulle briljant ei særeigen forteljing om krigen, der han framstilte motstandsrørsla som heltar og seg sjølv som Frankrikes redningsmann. Han laga ei patriotisk forteljing som var ein identitetsplattform i fransk politikk, heilt til historikarar byrja plukke han frå kvarandre etter den kalde krigens slutt.

Kissinger og Nixon

I det lange kapittelet om Richard Nixon ligg det subjektive elementet tjukt utanpå. Kissinger var Nixons tryggleikspolitiske rådgjevar og USAs utanriksminister mellom 1969 og 1974. Ein kan spørje seg om Nixon verkeleg var av eit slikt kaliber at han kan samanliknast med leiarar som Adenauer og De Gaulle.

Kissinger meiner Nixon var ein stor leiar. Nixon var ein evnerik strateg som losa verda gjennom ein særleg farefull fase av den kalde krigen, skriv Kissinger. Men her kan ein mistenkje forfattaren for å leggje inn litt sjølvskryt, for den strategiske analysen Nixon brukte, hadde han i stor grad fått frå Kissinger sjølv.

Det ligg òg eit subjektivt element i Kissingers utval av leiarar. Dei seks han skriv om, fem menn og ei kvinne, høyrer stort sett heime på den konservative politiske sida. Dei har om lag same verdiar og idear som Kissinger sjølv.

Kissinger har markert seg som ein realist som ser internasjonal orden som eit resultat av vellukka diplomati – av ein koordinert balanse mellom verdas stormakter. Bokas realistiske grunntone er tydeleg i siste kapittel, der Kissinger drøftar kva det er som kjenneteiknar store leiarar.

Han trekkjer fram fleire ting. Ein av dei er denne: Dei må kunne analysere pragmatisk, stole på eigne analysar og ta avgjerder ut frå desse. Dei må vite at i politikken står ein så å seie aldri overfor klare val mellom eit godt og eit vondt alternativ (og dersom ein sjeldan gong gjer det, er valet lett). Politiske val står i regelen mellom to eller fleire vonde. Gode leiarar kan kunsten å identifisere det minste og så finne det rette tidspunktet for å overtyde andre om at dette vonde valet er naudsynt. Eigen analyse og timing er alfa og omega for ein stor leiar.

Ulike tilnærmingar

Dei fire forfattarane som er presenterte her, er alle opptatte av statsleiarar. Men dei stiller ulike spørsmål, og difor har dei valt å studere ulike personar. Mount har valt kjende historiske leiarar som liknar på angloamerikanske populistar i vår tid. Dikötter har valt diktatorar. Han legg, liksom Mount, vekt på korleis politikarar nyttar propaganda for å få makt og halde på ho – og korleis folk flest fell for dette, gong etter gong. Kershaw har valt viktige leiarar i det 20. hundreåret – leiarar som endra Europas politiske landskap. Kissinger har valt leiarar han har møtt, og som han har djup respekt for.

Kva for ei bok er den beste? Boka til Mount er elegant og underhandlande. Dikötters òg, på eit perverst vis. Mount og Dikötter er pessimistar med lite tru på fornufta til folk flest. Dei latar ikkje til å tru at åtvaringa deira vil ha innverknad på vanlege veljarar.

Kershaw og Dikötter er empirisk rike, men Dikötter er smal og konsentrerer seg om diktatoriske leiarar. Kershaw og Kissinger har breiare drøftingar, og desse er så gode på samanhengar at biografiane deira gjev ei god oversikt over det 20. hundreårets politikk – over europeisk politikk for heile det 20. hundreåret for Kershaws vedkomande, over internasjonal politikk etter andre verdskrigen for Kissingers.

Kershaw og Kissinger står i ein lang tradisjon av forfattarar som ynskjer å avdekkje dei gode leiaranes virtù. Dei ynskjer å syne kva for eigenskapar leiarar må ha for å utvikle kloke vurderingar og vellukka diplomati. Kissinger er eit ettertenksamt og unikt augevitne til samtidshistoria. Han ragar eit hovud over dei tre andre.

Torbjørn L. Knutsen

Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis