JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Storverk

Den stilsikre og arbeidsame jærbuen har levert eit verk med verdi langt ut over riksmålsforkjemparane sine rekkjer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
11526
20231124
11526
20231124

Bibel

Omsett frå grunnspråka av Kjell Arild Pollestad

Den hellige skrift. Bibelen. Det gamle og Det nye testamente

Forlaget Press

Vinteren 1877 vart den unge studenten Arne Garborg vald til formann i Det Norske Samlaget. Han var initiativrik og hadde store planar: «Eg tenkjer hardt på sjølve Bibelen, må vita.» Men det prosjektet vart langdrygt, og først i 1921 kom heile Bibelen ut på nynorsk.

Endå lengre tid tok det på riksmål. Det Norske Bibelselskap var skipa i 1816, men først i 1904 fekk nordmenn ei bibelutgåve som skilde seg litt frå den danske. No har ein annan jærbu, den lærde og skriveføre Kjell Arild Pollestad, omsett heile bibelen på fem–seks år. Det er ei bragd.

I opphavet

Forlaget har gjort seg flid med formgjeving og utstyr. På omslaget lyser opningsorda frå Første Mosebok, og eg beit meg straks merke i at skapinga her skjer «I opphavet». Biblar på både svensk, dansk og norsk bokmål har til no teke til i «begynnelsen». På færøysk heiter det «I fyrstuni», medan islendingane bruker «opphavet», som me er vane med på nynorsk – og som samsvarar med det norrøne bibelspråket.

Det er interessant at Pollestad vel det gamle norske uttrykket, og dei fleste opplever vel «opphavet» som både sterkare og meir høgtidsamt enn «begynnelsen». I somme høve varierer omsetjinga av eit ord etter kva type tekst det står i. «Granne», som kjem frå norrønt, vert av Pollestad brukt i poetiske tekster (t.d. Sal 31,12 og Jes 3,5), og «nabo», som kjem frå dansk, når det er prosa (t.d. Esek 16,26 og Luk 14,12, men med Luk 15,6 som unnatak).

Til skilnad frå dei fleste bibelomsetjingar, i alle fall her til lands, er denne forsynt med eit langt føreord. Pollestad gjer der greie for nokre hovudlinjer i omsetjingshistoria, og han forklarar kvar han sjølv samsvarar med, eller skil seg frå, andre bibelutgåver.

Han vedgår at det ikkje har vore enkelt å sameine to vesentlege ambisjonar: For det eine å setje om så ordrett som råd for å føre lesaren nær det opphavlege bibelspråket, og for det andre å få tydeleg fram poesien i mange av tekstene.

Saman med balansering av dei to omsyna skal innhaldet gjevast att i ei forståeleg norsk språkform. Men der både den danske bibelen frå 2020 og Bibelselskapets ferske satsing på ein lettlesversjon (førebels Lukas på bokmål og nynorsk, 2020) vil nå moderne ungdomar og andre med lite leseøving, held Pollestad seg til målsetjinga om at «språket må være forståelig for den delen av befolkningen som leser bøker».

Tuklinga

Kritikk for dårleg språk har ifølgje føreordet råka dei fleste norske bibelomsetjingar bortsett frå den nynorske av 1938: «Litterært sett er denne av mange fremdeles ansett som den beste oversettelsen til norsk språk, til tross for at den ble ‘tuklet med’ for å harmonere med riksmålsoversettelsen fra 1930.»

Nynorskbibelen av 1938 var ein revisjon av det «fyrebilse» dugnadsprosjektet som resulterte i bibelen frå Studentmållaget i 1921 (der forresten endå ein jærbu, Bjørgvin-bispen Peter Hognestad, var sentral som både omsetjar, kvalitetssikrar, redaktør og korrekturlesar). Fleire av omsetjarane den gongen var språkmeistrar som la arbeid ikkje minst i å få fram det poetiske i tekstene.

«Tuklinga» som Pollestad nemner, var at Bibelselskapet ville samordne nynorskbibelen mest mogleg med bokmålsutgåva. Revisjonen på 1930-talet vart utført av presten Ragnvald Indrebø (biskop i Bjørgvin 1948–1961). Eitt av krava for samordninga var at alle tekstene skulle formast som prosa – slik at den bibelske poesien ikkje fekk syne seg som «vers» i spaltene. Indrebø freista like fullt å føre vidare noko av rytmen innanfor dei rammene som prosakravet sette.

Som eit apropos til Pollestads verk er det på sin plass å minne om professor Jarle Bondeviks vurdering av Indrebøs revisjon: «Det er sjeldsynt at éi hand fer over heile teksta i Bibelen slik som det hende med 1938-bibelen. Føremonen er at det vert heilskap i den språklege og stilistiske utforminga. Ragnvald Indrebø gjorde eit storverk på stutt tid.»

Det er ikkje urimeleg at slikt «eine-arbeid» fremjar heilskap, og om ikkje omsetjaren har for mange andre oppgåver, kan nok prosessen også gå raskare enn gjennom gruppearbeid og komitédrøfting. På den andre sida tenkjer som regel fleire hovud betre enn eitt, og Pollestad har sjølv i intervju framheva at «ingen bibeloversetter arbeider helt alene. Han er med i et lagarbeid som strekker seg over århundrer».

Desse døma skal minne om at det ikkje finst nokon fasit for bibelomsetjing. Slikt arbeid er slett ikkje enkelt, og det gjeld både vitskapleg og kunstnarisk. Pollestad strekar sjølv under at inga omsetjing er «endeleg».

Tradisjonell

Mangt kunne vore drøfta omkring dei ulike vala som omsetjaren har gjort, men me avgrensar oss til å kommentere nokre få. Ved samanlikning vil merksame lesarar finne at mykje i Pollestads versjon ligg nær bokmålsbibelen frå 2011. Føreordet peikar då også på samsvar med 2011-bibelen der han er konkordant (dvs. følgjer grunnteksta ganske ordrett), og i intervju er slikt samanfall kvantifisert til minst halve tekstmengda.

Men medan den siste utgåva frå Bibelselskapet omset konkordant berre så lenge det prinsippet kan sameinast med vanleg norsk språkføring, er ikkje Pollestad redd for å bruke meir tradisjonell «bibel-norsk» prega av gamle hebraiske og bibelgreske uttrykksmåtar.

Herrens bøn vert innleidd med «Vår Far, du som er i himlene». Grunnteksta (Matt 6,9) har fleirtalsform, og det er ei «hebraisme» som ofte vert nytta i Nytestamentet om himmelen som Guds tilhaldsstad. Den konkordante delen av dansk-norsk bibeltradisjon brukte også fleirtal her til og med riksmålsbibelen av 1904, og forma var vanleg i katekismene på 1800-talet. Hjå Pollestad held bøna fram slik: «Helliget være ditt navn. Komme ditt rike. Skje din vilje […].» Dette kan vel karakteriserast som norsk riksmål i dag, i alle fall ligg omsetjinga tett på den greske ordlyden hjå Matteus. Bokmål har i nyare tid teke over både «La-formene» (Bibel 1978) og ordstillinga (Bibel 2011: etterstilt eigedomspronomen i dei to første bønene) frå det nynorske fadervåret.

Rytmisk

Sidan 1978-utgåvene har Bibelselskapet markert salmar og andre poetiske avsnitt med eit typografisk «verseoppsett» i spaltene. Pollestad går lenger – både ved å gje att salmetekstene så rytmisk at dei kan syngjast, og ved at all poesien vert framheva gjennom ei spalte der bibelteksta elles (dvs. prosaen) er delt i to spalter på kvar side.

Det knappe og konsise i poesien får han nokre gonger fram ved å leggje seg nær litt eldre norske omsetjingar. Der 2011-utgåva har «Ved handa til Moses og Aron/ førte du folket ditt som ein flokk med sauer» (Sal 77,21; tilsvarande på bokmål), skriv Pollestad i staden at «Du førte ditt folk som en hjord/ ved Moses’ og Arons hånd». Det er akkurat som i bokmålsbibelen både 1930 og 1978 (bortsett frå at BM-78 brukte genitiven «Mose»), og tilsvarande var det på nynorsk gjennom heile 1900-talet (berre at genitiven der var omskriven til «ved handi/handa åt Moses og Aron»).

Bruken av fotnotar er minimert. Her er ingen kryssreferansar som opplyser om sitat eller liknande innhald andre stader. Sitat frå GT er rett nok sette i kursiv i NT, men bibelutgåva fortel ingen stad at det er det som ligg i kursiveringa, og slett inga konkretisering av kvar sitata stammar frå. Som fleire andre omsetjingar har denne ei opplysande ordliste til slutt – med mellom anna ein del særnamn og uttrykk for mål, vekt og tidsrekning. I tillegg har omsetjaren sett inn nokre få forklarande fotnotar.

Men bruken av dei verkar litt vilkårleg. I Esekiel 27,6–7 er til dømes «Elisjas øyer» forklart som «trolig Kypros», men «kitteernes øyer» vert det visst føresett at lesarane kjenner til. Den alternative nummereringa av Salmane 10–147 vert fortenestefullt forklart i ein note. «Alfabetdikta» Salme 119 og fire i Klagesongane er fint markerte med dei hebraiske bokstavteikna, men dessverre heilt utan forklaring. Målgruppa «som leser bøker» bør femne mykje vidare enn om dei med kjennskap til hebraisk.

Bunden av teksten

Ein av Pollestads motivasjonar for å lage ei alternativ omsetjing er misnøya med «ideologisk korrektur». Fenomenet er velkjent frå nylege diskusjonar om samtidstilpassing i populære barnebøker av forfattarar som Astrid Lindgren og Roald Dahl. Pollestad protesterer tydeleg mot «politisk korrekt» kjønnsinkluderande språk i bibelutgåvene frå 1978 og 2011.

Moderne lesarar treng sjølvsagt ikkje like eller vere samde i alt som kjem fram i dei gamle tekstene, men han kjenner seg som profesjonell omsetjar «bundet av teksten, om resultatet blir aldri så utidsmessig». Dei bibelske skriftene kom til i ein patriarkalsk kultur, og den nye «riksmålsbibelen» gjev difor frimodig att uttrykk som «Israels sønner» (t.d. 1 Sam 11,8) og «Salig den mann som […]» (Sal 1,1 og 34,9), der Bibelselskapet sidan 1978 har justert til «israelitter» og «Salig den som […]».

I samband med revisjonen «Bibel 2024» er det nyleg annonsert ein «katolsk bibel» på norsk. Det er ikkje katolikken Pollestads verk. Det katolske som kjem frå Bibelselskapet, er nye utgåver på bokmål og nynorsk, ikkje berre med dei «apokryfe» eller «deuterokanoniske» skriftene som stort sett har mangla i protestantiske biblar, men også med den tradisjonelle katolske rekkjefølgja av skriftene. Pollestad har derimot halde seg til det omfanget og den ordninga som har vore vanleg i norsk samanheng.

Kven er så utgåva hans for? Omsetjaren konkluderer føreordet med at prosjektet djupast sett handlar om «at vi på vårt elskede morsmål finner stadig mer dekkende, stilsikre og hjertevarme uttrykk for det som blant oss troende fremdeles kalles Livets ord». Eg veit ikkje kor mange riksmålet er eit elska morsmål for (i eit intervju på heimesida til Riksmålsforbundet hausten 2018 karakteriserte Pollestad sjølv forfattarskapen sin som ein samanhengande «sidemålsstil»). Men den stilsikre og arbeidsame jærbuen har levert eit verk med verdi langt ut over riksmålsforkjemparane sine rekkjer.

Kjøtt

Lesarar med sans for «kjende og kjære» uttrykk frå tidlegare bibelutgåver vil finne mykje å glede seg over. Her er «jomfruer» der Bibelselskapet har gått over til «ung jente» eller «jentene» (Jes 7,14; Klag 2,10). I Johannes-prologen kan me igjen lese at «Ordet ble kjøtt» (Joh 1,14; jf. Luk 3,6) i staden for det forklarande «Ordet ble menneske».

Eldre seiemåtar som «komme ditt rike» og «skje din vilje» er tekne inn att, men Pollestad vel ikkje ord og uttrykk berre fordi dei er gamle. Som andre nyare omsetjingar bruker han såleis «Far» i staden for «Fader», og denne meldaren oppfattar ikkje språket som vanskeleg tilgjengeleg. Rett nok bruker han «hustru» i staden for «kone», og bodet er «Du skal ikke drive hor» i staden for det nyare «Du skal ikke bryte ekteskapet». Den ufrie er her igjen «trell», medan Bibelselskapet i 2011 endra det til «slave» både på bokmål og på nynorsk.

Rammene for denne meldinga kan vanskeleg yte rettferd til det storverket som særleg omsetjaren, men også forlaget har utført. Døma som er tekne fram, skal minne om at det ikkje finst nokon fasit for bibelomsetjing. Slikt arbeid er slett ikkje enkelt, og det gjeld både vitskapleg og kunstnarisk. Pollestad strekar sjølv under at inga omsetjing er «endeleg».

Alle lesarar, anten interessa er mest religiøs, kulturhistorisk eller språkleg og litterær, har nytte av å bruke ulike versjonar. Og den katolske jærbuens audmjuke von om at nokre av vala hans vert tekne med vidare, eller i alle fall inspirerer nye bibelomsetjarar, er det gode grunnar til både å håpe på og å rekne med at vert oppfylt.

Per Halse

Per Halse er teolog og professor ved Høgskulen i Volda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis