JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Realpolitisk syn på Ukraina

Noreg må innsjå at verda aldri blir den same, skriv Janne Haaland Matlary.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jenter som leikar ved sida av minnemuren for falne i Ukraina.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

9155
20230707
9155
20230707

Sakprosa

Janne Haaland Matlary:

Verden blir ikke den samme: Vår nye sikkerhetspolitiske hverdag

Kagge Forlag

Noreg innbiller seg at alt skal bli som før – at krigen skal ta slutt, at dei ukrainske flyktningane vil reise heim, at det på ny blir fred i Europa. Dette er ikkje berre naivt: Det er ein farleg illusjon, åtvarar Matlary. Russlands invasjon av Ukraina rista heile det internasjonale systemet ut av det vande mønsteret. Verda blir aldri den same.

Janne Haaland Matlary, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og ved Forsvarets stabsskole, har skrive ei bok som er personleg, rik og lettlesen. Ho opnar med ein saftig kritikk av Noregs tryggingspolitikk: Landets leiarar lever i ei idealistisk boble og vantar realitetsorientering i tryggingspolitikken, skriv ho. Men samstundes legg ho stor vekt på folkeretten. Når verda aldri blir den same, kjem dette av at Russland ikkje bryr seg om folkeretten, skriv ho og framstiller folkeretten som storpolitikkens grunnleggjande trafikkreglar.

Argumentasjonen hennar går slik: Dersom stormakter ikkje bryr seg om folkeretten, blir det internasjonale systemet uføreseieleg og utrygt. Særleg utrygt blir det for småstatar. Folkeretten er den viktigaste garantien dei har for sjølvstyre og suverenitet. Og ekstra utrygt blir det for Russlands små nabostatar. For når Russland ikkje bryr seg om folkeretten, har desse statane ingen garantiar for eigen tryggleik. Bortsett frå ein allianse med USA.

Sverige og Finland byrja tenkje i slike banar etter 2014, då Russland okkuperte Krym. Åtte år seinare, då Russland freista å okkupere heile Ukraina, braut dei to nordiske landa over tvert med nøytralitetspolitikken sin og søkte om medlemskap i Nato.

Krigens karakter

Matlary gjennomgår nyttige analytiske omgrep frå statsvitskapen og frå militære studiar og nyttar dei i analysen sin. Ho slår til dømes fast at deltakarane i krigen har forskjellige interesser og forskjellige syn på krigen.

Janne Haaland Matlary er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og ved Forsvarets stabsskole på Akershus festning, med internasjonal politikk som spesialfelt.

Foto: Astrid Waller

For Putin er Ukraina ein organisk del av Russland. Han har aldri akseptert at Ukraina etablerte seg som ein suveren stat i 1991. Han har streva hardt med å kontrollere Ukraina. Den siste tida har han sett så mykje inn på å leggje landet inn under Russland att, at han truleg må sigre i krigen for å rettferdiggjere innsatsen og halde seg ved makta. For Putin har krigen blitt eksistensiell.

For ukrainarane har krigen alltid vore eksistensiell. Om dei taper, vil dei bli ein provins i det russiske riket. Det vil dei ikkje. Motstanden vert halden ved like av minna om Stalin, som brukte svolt som politisk maktmiddel og tok livet av millionar av ukrainarar tidleg på 1930-talet (holodomor). Og av russiske soldatar som nyss drap tilfeldige sivilistar for fote i Butsja, Mariupol og andre ukrainske byar.

For Vesten er krigen eit middel i den globale maktbalansen. Han skal demme opp for russisk ekspansjon, forsvare folkeretten, FN-pakta og den verdsordenen som FN-pakta vernar om.

Russlands invasjon var eit eklatant brot på folkeretten. Vestmaktene ser på krigen som ein åtaks- eller aggresjonskrig. Matlary er einig.

Krigens reknestykke

Boka skryter av den ukrainske innsatsen. Ho stør opp om Ukrainas motstand og understrekar at både motstanden og våpenhjelpa frå vestmaktene er heilt i tråd med folkeretten. Ho har ein god diagnose på konflikten, men ingen klare tilrådingar om korleis Noreg best kan stille seg til han.

Kva skal Noreg gjere? Spørsmålet er prinsipielt viktig all den stund Matlary er tydeleg på at krigen kan vare lenge. Både russiske og ukrainske leiarar ser krigen som eksistensiell, og då er sjansen for ei snarleg forhandlingsløysing forsvinnande liten. Då er det duka for ein langvarig utmattingskrig.

Kva slags tryggingspolitisk kurs skal Noreg leggje opp til på lengre sikt? Matlarys støtte til Ukraina er blanda med pessimisme, for framtida er usikker og utfallet uvisst. Av fleire grunnar.

For det første er krigen asymmetrisk. Det er ein kamp mellom David og Goliat. Russland er større, sterkare og rikare enn Ukraina – om lag tre gongar større, grovt rekna. Likevel har Russland ein økonomi av berre middels storleik – på line med Italias og Spanias. Det er uklart kor lenge den kan bere dei enorme kostnadene av krigen. Etter Jevgenij Prigozjins aksjon mot Russlands militære leiarar nyleg er det òg uklart om Russlands politiske system kan tole krigens påkjenningar.

Ukraina har mobilisert mange soldatar. Dei er organiserte og godt motiverte. Men Ukrainas økonomi er mykje mindre enn Russlands. Han kan ikkje bere den krigsinnsatsen som krevst for å føre ein moderne, industrialisert krig. Ukrainarane forbruker enorme mengder våpen – dei skyt bort mellom 5000 og 10.000 granatar om dagen; det er langt fleire enn vestmaktene produserer. Kor mykje russarane produserer og forbruker, veit vi mindre om.

Det vi veit, er at ukrainarane er heilt avhengige av at vestlege land, med USA i spissen, forsyner dei med våpen og utstyr. USA har gjeve meir enn alle andre støttespelarar til saman – nær ti gonger så mykje som gjevarland nr. 2 (Storbritannia) og 3 (Polen).

Men kor lenge vil Vestens gjevarvilje vare? Om få månader vil USA førebu seg til nytt presidentval. Joe Biden, som er Ukrainas viktigaste støttespelar, er over 80 år og ikkje særleg populær heime. Det er ikkje sikkert han blir attvald. Og det er uvisst om ein annan president vil støtte Ukraina like ivrig som Biden har gjort.

Washington og Moskva

Boka har mange sterke sider. Matlary gjev ei fin innføring i krigens karakter og historie. Ho trekkjer inn synet til fleire internasjonale kommentatorar og gjev dermed gløtt inn i fagdebatten om krigen. Dette bringar fagleg tyngd til teksten.

Likevel er det rom for forbetring. Boka inneheld mykje stoff om Brussel – om Natos mangfald og om EU som fredsprosjekt – men lite om hendingane i Moskva og Washington. Den russiske invasjonen blei planlagd og styrt av ein liten krins kring Putin. Kven var med i den?

Ukrainas militære evne er heilt avhengig av USAs politiske vilje, men kor solid er den? Biden og Demokratane står last og brast med ukrainarane, men kvar står Republikanarane? Og kva kan skje om Biden taper presidentvalet? Kan det verkeleg vere slik at krigen i Ukraina til sjuande og sist kan avgjerast av republikanske veljarar i Ohio, Florida og andre amerikanske vippestatar?

Geopolitiske omsyn

Ei bok som drøftar taktikk og strategi i krig, må trekkje inn terreng og geografi. Om boka hadde vore utstyrt med kart, ville det til dømes ha synt at landet nord for Svartehavet og Krym er flatt som ei pannekake. Det blir særs kostbart for ukrainarane å ta tilbake terreng som russarane har okkupert og sikra.

Og om Ukraina lukkast med å halde på suvereniteten sin som sjølvstendig stat, så står landets leiarar overfor ei stor og militært kostbar utfordring: Det finst ikkje naturlege grenser i dette landskapet. Leiarane i Ukraina må til evig tid vakte og verne ei uklår grense mot ein stor og mektig nabo i aust – ei grense som er enormt lang, og som er trekt vilkårleg over flat og feit matjord.

Det er krig «midt i Europa», skriv Matlary i bokas fyrste avsnitt. Men det er strengt tatt ikkje sant. Slagmarka ligg ikkje midt i Europa, men i Europas marginar. Dette er ein billig kritikk, men det er likevel verdt å vie geografiske poeng litt større merksemd og bore litt djupare i dei. Det gjer krigens karakter tydelegare. Og det gjev også vekt til åtvaringane frå dei klassiske realpolitikarane om å ikkje blande saman Vestens verdiar med evig og universell sanning.

«The Bloodlands»

Krigen går føre seg i den søraustlege delen av det historikaren Timothy Snyder har kalla Europas blodige hjørne – «the Bloodlands». Krigen er ein kamp mellom statar – ei kampform som vi lenge trudde Vesten hadde lagt bak seg. Han finn stad rundt ei gamal konfliktline – ei sivilisatorisk forkasting – som skil vest frå aust. Vestmaktene ligg på den eine sida av denne forkastinga. Russland ligg på den andre. Ukraina ligg oppå – og merkar ristinga kvar gong spaninga mellom vest og aust dreg seg til.

Forkastinga er djup og gamal. Allereie dei romerske keisarane merka ristingane. Romarriket vart til slutt slite sund langs denne lina. Den vestlege delen gjekk i oppløysing i det femte hundreåret, og frå imperieruinane voks det sidan fram statar. Men i aust eksisterte imperiet vidare i om lag tusen år til.

Statane i vest danna eit særskilt statssystem, regulert av suverenitetsprinsipp, maktbalanse og folkerett. I aust voks Russland fram, prega av ein heilt annan, imperial og autokratisk arv. Ukrainas tragedie er at sjølv om Vest-Europa har lagt krigen bak seg, så har ikkje Russland gjort det.

Vesten har liberale menneskerettar, FN-pakta og folkeretten – og i nyare tid har Vesten utvikla liberale og demokratiske styreformer. Russland har ikkje hatt noko av dette. Russland er stort og annleis. Og i dette ligg ei av dei djupaste årsakene til krigen i Ukraina. Her ligg òg den største utfordringa for ei fredeleg forhandlingsløysing.

Torbjørn L. Knutsen

Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved NTNU i Trondheim.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis