JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Ei framifrå innføring i historievitskap

Etter å ha lese Mats Tangestuens brev til Gyldendal er det ikkje mogleg å kome til annan konklusjon enn at historieskrivinga til Michelet er grundig tilbakevist.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
8380
20230804
8380
20230804

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Sakprosa

Mats Tangestuen (red.)

Krigen, Holocaust og hjemmefronten

Dreyers forlag

«Kva visste Gyldendal?» kunne ha stått som tittelen på denne boka. 190 av 280 sider er eit brev som historikaren Mats Tangestuen skreiv til Gyldendal Norsk Forlag i 2022, etter at Marte Michelets bok Tilsvar hadde kome ut i 2021.

I Tilsvar hadde Michelet avvist innvendingane som Tangestuen, Elise Barring Berggren og Bjarte Bruland hadde kome med i boka Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste Hjemmefronten? (2020). I rapporten gjekk historikarane nøye og kritisk gjennom Michelets kjeldebruk og konklusjonar i boka Hva visste Hjemmefronten? (2018). I brevet, som ikkje har vore offentleggjort før no, går Tangestuen like nøye inn på Michelets Tilsvar. Konklusjonen hans er at tilsvaret stadfesta og forsterka innvendingane i Rapport. Likevel valde Gyldendal å trykkje ei ny utgåve av Michelets bok utan å ta mykje omsyn til kritikken, med berre eitt vesentleg unnatak.

Andre motbok

Om lesaren framleis heng med: Dette er den andre «motboka» som har kome i kjølvatnet av Michelets fyrste bok, eller den tredje om vi reknar med Espen Søbyes Hva vet historikerne? (2021) til forsvar for Michelet. Ei lang rekkje avis- og tidsskriftartiklar kjem i tillegg. Dette har vorte ein historiedebatt som vi knapt har sett maken til sidan unionsstridane framfor 1905, då landets lagnad avhang av korleis ein tolka det føregåande hundreårets historie.

Det var då heller ikkje kva som helst Marte Michelet kom med i 2018. I boka kasta ho fram skuldingar om at den norske Heimefronten hadde fått presise varsel frå velinformerte tyske motstandsmenn om at dei norske jødane skulle deporterast og sendast i døden, tre månader før S/S Donau la frå kai 26. november 1942. Heimefronten lét vere å gje varselet vidare til jødane.

Då aksjonen var i gang og mange jødar gjekk i dekning og ynskte å flykte, fekk dei lite hjelp. Milorg ynskte ikkje å la dei bruke deira fluktruter til Sverige. Dei som hjelpte jødane, kravde urimeleg høg betaling for det. Alt dette, hevda Michelet, hadde si forklaring i antisemittiske haldningar i Heimefronten. Jødane vart ikkje hjelpte på same måte som «norske» nordmenn, med dei tragiske fylgjene dette fekk.

Tilbakevist

I boka Rapport frå 2020 og no i denne siste boka peiker Tangestuen og medforfattarane på at når ein set fram så harde skuldingar, må det vere særs viktig å ha ei god grunngjeving. På punkt etter punkt synte dei at Michelet forsynda seg mot elementære reglar for historiegransking. Kjelder vart attgjevne ufullstendig og tolka urimeleg. Kjelder som trekkjer i anna lei, vart utelatne.

Etter at Rapport kom ut, vart det halde eit møte mellom historikarane og forlagsredaktøren i Gyldendal der historikarane oppfatta det som at det vart gjeve lovnad om å ta kritikken på alvor. Men i Tilsvar sa Michelet klart frå at ho oppfatta kritikken som uvesentleg. Hennar konklusjonar stod «fjellstøtt». Det var då Tangestuen sette seg ned og skreiv brev til Gyldendal.

Eg er sjølv ikkje nokon ekspert på okkupasjonstidshistorie, men etter å ha undervist i historisk metode gjennom nokre tiår meiner eg å kunne skilje god historieskriving frå dårleg. Det endelege og avgjerande provet for at ein skjønar kva ein har gjeve seg ut på, er om ein er i stand til å innsjå når ein har tapt. Det gjeld i sjakk og i krigføring, og likeins i historievitskap.

Etter å ha lese Mats Tangestuens brev til Gyldendal er det ikkje mogleg å kome til annan konklusjon enn at historieskrivinga til Michelet er grundig tilbakevist. Det er påstandane hennar som står fjellstøtt, ikkje konklusjonane. Dei vert hengande utan sakleg grunngjeving, men ho syner seg ikkje viljug til å innrømme det.

Med stort tolmod

Med stort tolmod, grundig og pedagogisk går Tangestuen gjennom punkt for punkt der Michelets skuldingar vantar kjeldebelegg, og der kjeldene vert mistolka. Det seier seg sjølv at mykje av dette blir detaljorientert og teknisk. Kjeldearbeid er arbeid med detaljar, med små byggjesteinar som vert lagde opp på kvarandre. Det gjer ikkje denne boka særleg lesarvennleg. Men teksten vert ei framifrå innføring i historievitskapens metodar, for den som gjev seg tid til å lese.

Det er ikkje slik at Michelet ikkje kan ha rett, tek Tangestuen opp att gong på gong. Men om ho ynskjer å halde fram med skuldingane, må ho leggje fram gyldige prov for dei. Materialet ho legg fram, held ganske enkelt ikkje som prov. Det vert for mange lause påstandar utan grunngjeving.

Kort fortalt er konklusjonane i boka slik: Det finst ikkje kjeldebelegg for at Heimefronten fekk særleg presise åtvaringar, eller at informantane deira visste spesielt mykje om det som venta jødane. Det vi veit, er at det i september 1942 gjekk rykte blant norske jødar om at det var fare på ferde. Jo Benkow fortel i sjølvbiografien at rykta fekk han og faren til å flykte frå landet, medan andre i familien valde å bli verande.

Det finst belegg for at Milorg var skeptisk til å la jødar (og andre «sivilistar») bruke deira fluktruter, men kjeldene gjev ikkje grunnlag for så langtrekkjande konklusjonar som dei Michelet dreg. Trass i at fluktruter vart opprulla og transporten over grensa vart mykje vanskelegare hausten 1942, syner kjeldene at grenselosane hjelpte jødar på flukt.

Arvid Brodersen

Påstandane om at leiinga i Heimefronten hadde antisemittiske haldningar, vert av Michelet og Søbye særleg knytte til éin mann, sosiologen Arvid Brodersen. Han skreiv antisemittiske artiklar frå studietida i Tyskland tidleg på 1930-talet, hevdar dei, og var nærast nazisympatisør.

I ein særs interessant artikkel, «Arvid Brodersens Tyskland», i denne boka går statsvitaren Øivind Glosvik inn på Brodersens artiklar og plasserer han i miljøet som omgav han i Berlin, den konservative krinsen rundt diktaren Stefan George. Eit miljø med mange jødar og som også tyske Hitler-motstandarar vart rekrutterte frå. Mellom dei Claus von Stauffenberg som mislukkast med attentatet på Hitler i 1944. Konklusjonen er klår: Om Brodersen tek Marte Michelet feil, rett og slett, skriv Glosvik. Eg vonar Glosvik vil gjere meir ut av dette stoffet seinare.

I ein annan artikkel går historikaren Torgeir E. Sæveraas inn på kjeldene som fortel om korleis aksjonen mot jødane i november 1942 vart førebudd. Den som ynskjer eit føredøme for korleis historisk kjeldearbeid kan gjerast av ein kunnig fagperson, bør lese denne artikkelen. Sæveraas er varsam i konklusjonen, men han finn lite som tyder på at det fanst konkrete planar om aksjon mot norske jødar som Heimefronten kunne ha fått varsel om tre månader tidlegare.

Imøtegåinga frå historikarane har ikkje rokka ved standpunkta hennar, ut frå det Michelet sjølv skriv. Tvert om synest det som ho kjenner seg styrkt i konklusjonane. I denne boka analyserer Mona Ringvej Michelets retoriske grep og peiker på konsekvent usakleg debatteknikk. Alle som er mot Michelets påstandar, må ha skjulte motiv for det. Kritikken ho får, stadfestar at det er noko i påstandane. Vi dreg kjensel på logikken frå konspirasjonsteoriane.

Forlagsansvaret

Boka Krigen, Holocaust og hjemmefronten gjev grunn til både optimisme og pessimisme. Optimisme av di Mats Tangestuen og dei andre historikarane som har engasjert seg, er viljuge til å leggje ned så mykje tid og energi i å forsvare historievitskapens krav til kjeldearbeid og sakleg argumentasjon.

Pessimisme av di Gyldendal Norsk Forlag, etter å ha fått Tangestuens lange brev, ikkje kravde fleire endringar i andreutgåva av Michelets bok. Det kapittelet der det vart gjort endringar, galdt skuldingar mot ei gruppe som hjelpte flyktningar over grensa. Michelet skulda desse folka for å ha tent grovt på å hjelpe jødar. Etterkomarane svara med å truge med søksmål og erstatningskrav.

Er det verkeleg slik at Gyldendal Norsk Forlag er nøgd med å gje ut bøker som utgjer seg for å vere historieskriving, når dei er tilbakeviste som uhaldbare? Og at fyrst når advokatar trugar med søksmål og pengekrav, er forlaget viljug til å gå i seg sjølv?

John Peter Collett

John Peter Collett er professor emeritus i historie og fast skribent i Dag og Tid.

Dette har vorte ein historiedebatt som vi knapt har sett maken til sidan unionsstridane framfor 1905.

Fleire artiklar

Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.

Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.

Foto: Jessica Gow / TT / NTB

LitteraturKultur

Livet med ein flaum av stefedrar

I mange år tenkte Andrev Walden at han skulle skrive om oppveksten sin, men han visste ikkje korleis. Då han omsider fann den rette tonen, blei romandebuten ein internasjonal suksess.

Jan H. Landro
Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.

Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.

Foto: Jessica Gow / TT / NTB

LitteraturKultur

Livet med ein flaum av stefedrar

I mange år tenkte Andrev Walden at han skulle skrive om oppveksten sin, men han visste ikkje korleis. Då han omsider fann den rette tonen, blei romandebuten ein internasjonal suksess.

Jan H. Landro
NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, med hovudsete i Trondheim, er det største universitetet i Noreg, med campusar i Gjøvik og Ålesund.

NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, med hovudsete i Trondheim, er det største universitetet i Noreg, med campusar i Gjøvik og Ålesund.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Universiteta treng ei realitetsorientering

Me bør ikkje ha studietilbod som ingen etterspør, meiner Ola Borten Moe.

Feature
Svein Gjerdåker

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Eivor Andersen Oftestad

Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur

Sjølv om den sekulariserte versjonen av menneskeverdet framleis vert forstått som retten til liv og omsorg, er det noko som har vorte borte på vegen.

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Mona Louise Dysvik Mørk
«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis