Dikta til Aslaug Vaa lever vidare
Aslaug Vaa då ho mottok Ønskediktprisen frå NRK 31. mai 1963. Her saman med Hartvig Kiran (t.v.) og Arve Moen.
Foto: NTB
Vesttelemarkingen Aslaug Vaa (1889–1965) var ein av dei særmerkte kvinnelege lyrikarane som stod fram i mellomkrigstida. Bilethoggaren Dyre Vaa, som mellom anna har laga den vakre svanegruppa i borggarden framfor Oslo rådhus, var ein yngre bror.
I morgon, 28. november, er det 55 år sidan ho tagna. Men dikta hennar lever, og fleire av dei har kalla fram flunkande nye tonar. Kan hende ikkje so rart. Ho var av musikalske folk, og musikken kan liggje i kim i tekstane. Diktet «So rodde dei fjordan» skildrar kyrkjegang i eldre tid, og dei vidfarande tankane som sviv i hugen på kyrkjelyden under messa. Sjølv karakteriserte ho med ein liten smil diktet nærast som «ein bånsull». Geirr Tveitt er ein av dei som har sett råkande toner til denne «sullen».
Sein lyrikkdebut
Aslaug Vaa debuterte som lyrikar 45 år gamal. Ho hadde latinartium, var språkmektig, hadde budd i Paris, London og Berlin, hadde verka som journalist og omsetjar, fått prenta eit og anna dikt, og ho hadde sett fem born til verda. So stig lyrikaren fulltonande fram med samlinga Nord i leite i 1934. Det er mest ei våryr ungjente som tek ordet der diktareget renn til skogs for å sjå om «der heng noko att/ av dei drauman eg hengde att uppi trei ifjor». I diktet «Telemarkin» ritar ho opp den naturen og kulturen ho er runnen av. Snart gror det òg fram eit minidrama eller ein versroman, Nivelkinn, om kvinna Gyri som slitst mellom tre menn. Summen av Gyris røyndom er: «det var stundom so hardt det å menneskje vera.» Å vera fullt og heilt menneske er oppgåva, eit gjennomgåande motiv hjå Vaa. Nivelkinn er i seinare år tonesett, utkomen på CD og har oppnådd spellemannpris.
Vaas lyrikk utgjer ein heilskap. For kvar ny samling, sju i alt, kjem ho djupare ned, lenger inn og høgare opp på sannkjenningsvegen. Men i poetisk konsentrasjon, religiøs og filosofisk innsikt, rakar kan hende Bustader (1963) høgast.
Alt i skodespelet Steinguden, ferdig i fyrste form i 1931 (prenta 1938), fryktar Aslaug Vaa for den einsynte vitskapen som syg menneskesinnet tomt og favoriserer teori framfor spontanitet og natur. Under eit inspirerande opphald i Vest-Afrika hausten 1937 kom skodespelet Honningfuglen og leoparden.
Spontan glede
Ho har skrive ugløymande dikt om kjærleik, som «Skinnvengbrev» og om dei to, ho og han, som i «sommornotti blå» vandrar til møte under «kjærleikens tre». I «Nykelen» skildrar ho korleis to menneske som har stått einannen nær, finn saman på nytt av di eit lengtande eg evnar å tyde teikna frå eit du, slik at dei kan råkast att på ein stad der «føtane ikkje fekk trø/ – burtanfor stader og stengsel».
Det er mykje spontan glede å spore i dikta til Vaa, gleda over å vera i eksistensiell meining: «I stutte blenk/ drikk eg mitt jordelivs tilmåta drikk/ som fullgjæra skjenk» («Moreld»). Sjølv ynskte ho å vera ei «skjenkarmøy» som kunne gje vidare dyre dropar av poetisk sannkjenning (jf. Skjenkarsveinens visur). I diktet «Det lydde eit bod» skriv ho: «Skjenk du dei dropar/ frå himmelleite/ løys du den kjelda/ frå jordegrunn!»
Mot eit bakteppe av etterkrigstid og trugsmål frå atombomba skreiv ho artiklar mot tendensar til dehumanisering. Albert Schweitzer vart ei viktig inspirasjonskjelde. Hans ord «Ærefrykt for livet» harmonerte med hennar eiga innstilling. Aslaug Vaas syn for tilhøvet mellom naturen (skaparverket) og mennesket har fått ny aktualitet i dag. Mennesket er del av, og avhengig av, skaparverket.
Ho hadde ei sterk kjensle av å høyre til i ein universell samanheng og leitte allstøtt etter «meining». Men dersom mennesket i ovmot trudde det hadde løyst alle gåter, vart ho på vakt: «Du som tenkjer i tal,/ du kjenner deg som sigerherre,/ fordi du tok domedagen frå Vårherre» («Fotefar»). Mennesket er ein draum i Gud som leitar seg fram til mennesket på jorda, og Gud er ein draum i menneskesinnet. Gud dreg seg unna all definisjon, han er det store ukjende «Du», som samstundes «er, er, er/ eit anker for min flagrande mennesketanke» («Deo ignoto»).
Dagne Groven Myhren
Dagne Groven Myhren er norskfilolog, kvedar og statsstipendiat.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.
Foto: Maria Gros Vatne
Frå draum til sorg
Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.