JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Den andre sivilisasjonen

Eit nytt tidsskrift har dukka opp, Sivilisasjonen. Vi kunne tru det handla om kitschkunst, men det handlar om unge menneske på leit etter meining.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Angry Mother» av Odd Nerdrum frå i år. Det er fleire målarstykke i tidsskriftet.

4053
20231110
4053
20231110

Tidsskrift

Carl Korsnes, ansvarleg redaktør, m.fl.:

Sivilisasjonen

I samarbeid med TBS Gallery og The Cave of Apelles

«Det er mogeleg å gje ut kulturtidsskrift utan statleg støtte, det gjer vi» – dette står å lesa om eit nytt tidsskrift som har kome ut, Sivilisasjonen. Det har nyleg kome ut med sitt andre nummer. På nettstaden heiter det at Sivilisasjonen er «grunnlagt på den overbevisning at kulturelle verdier som harmoni, skjønnhet og poetikk evner å gjøre mennesket til bedre versjoner av seg selv».

Kikar vi på bidragsytarane, kjem fordomane fram: Det er tale om Nerdrum-elevar og andre med same tilknyting. Då var det kanskje ikkje så vanskeleg likevel med finansieringa, for dette er eit pengesterkt miljø. Men kikar vi på innhaldet, så opnar det seg ei større verd.

Denne gongen handlar det ikkje om kitsch og Nerdrum som motarbeidd kunstnar – jamvel om dette argumentet dukkar opp her og der, men om ei interesse for vidt ulike kunstuttrykk.

Dikt og kake

Eit døme på det er alle dikta av etablerte, men særleg unge, ukjende lyrikarar: Bertrand Besigye og Erlend Skjetne – og upubliserte forfattarar som Syver Røinaas, Thomas Løland, Oskar Bae, Anne Gro Hansen, Benedicte Rydland Hareide og Eli Anna Gudmundsen – av dei er det overraskande mange lovande dikt på nynorsk.

På hi sida finn vi andre kunstuttrykk: Ein ung filosof blir òg presentert: Einar Duenger Bøhn, kjend frå ein podcast med Kristopher Schau. Ein artikkel inneheld omtale av etterkrigsmusikk frå spelefilmar, som musikken til det purunge komponisttalentet Alma Deutscher. Ein artikkel tek føre seg kinesisk sivilisasjon og kultur, og så har vi òg eit humoristisk tilskot i stykket «sivilisasjonskaka» – der vi får ei kakeoppskrift.

Eg vil særleg nemne «Stedsaktivismens gudfar», om Audun Engh som døydde i år, og som fekk Sivilisasjonsprisen i 2020. Det er eit namn som lesarar av Dag og Tid òg kjenner, frå artiklar og lesarinnlegg om byplanlegging i avisa. Eg sjølv har høyrt korleis Audun Engh har vore bruka som eit skjellsord ein lettvint tyr til for å vise at ein er på «den rette sida» i arkitekturmiljø.

På jakt etter meining

Men eg vil særleg peike på meir kravlause bidrag, som Lisa Schiøth Wang og artikkelen hennar om det ho kallar ei danningsreise til ein hjortefarm i Normandie. «Reisen startet som en impulsiv flukt. Jeg hadde mistet min vei av syne», skriv ho. Det er nettopp her eg ser verdien med Sivilisasjonen.

Bladet gjev eit tilbod til unge menneske på leit etter meining i livet. I Noreg har sporten vorte kalla «den store kulturelle forsonaren», eventuelt kan musikkmiljø blir tildelt ein liknande funksjon, men mennesket er noko større enn desse to kategoriane.

Det er kanskje det òg som ligg i det store, tunge ordet «sivilisasjonen». Vi kan dekonstruere termen på alle mogelege vis, men kvifor ikkje lyde på desse unge menneska og høyre på kva dei meiner «sivilisererer» dei. Dette skriv Wang om folk ho møtte i Normandie: «Disse menneskene er som meg. De har også rømt fra sine kjedelige liv. De har drømt om Frankrike, bondelandet, og om å få leve i historien.»

Vi kunne tru denne lengselen etter klassiske kunstnarlege uttrykk handla om å finne det ekte og genuine – sitt romantisk indre. Men kanskje det heller handlar om å aktivisere sider ved seg som ein ikkje tenkte fanst der. Jamvel Odd Nerdrum er inne på dette i eit intervju med han i tidsskriftet. Han omtalar det «fascinerende med Rembrandt»: «Han likte å kle seg ut, å spille andre roller enn å være seg selv. Det at man ikke er seg selv synes jeg er interessant, for en selv blir noe dypt og nesten surt.»

Dette ville vi ikkje forvente å høyre frå kitschmålaren, men dette er ein bodskap i Sivilisasjonen: Det handlar om unge menneske som vil spela andre roller enn dei tronge rollene dagens samfunn tildeler dei.

Ronny Spaans

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis