Damene dominerte
ULVIK: Tingingsverket Oljedrømmer og Systerspel med Benedicte Maurseth var høgdepunkta på Poesifestivalen i år.
Benedicte Mauseth har sett saman ei tankevekkjande framsyning om spelekvinner heilt attende til 1700-talet.
Foto: Mari Tveiti
Poesifestivalen i Ulvik
Haugesenteret 13.–15. september
Ulvik var heimstaden til Olav H. Hauge, men den vesle fruktbygda inst i Hardangerfjorden har mange kvalitetar som festivalstad med det ikoniske ungdomshuset Elvatun som festivalens dreiemoment. I desse omgjevnadene har festivalorganisasjonen over ein god tiårsperiode programmert spanande festivalar og utvikla eit festivalformat som fungerer glimrande.
Festivalen 13.–15. september var ikkje noko unnatak. Diktsamlinga På ørnetuva var tema for festivalen, og diktsamlinga blei «langlesen» av Anne Kleiva, dels nytolka av årets Hauge-førelesar Elin Stengrundet og stod sentralt i samtalen mellom Erlend O. Nødtvedt og Fredrik Parelius.
Dystopisk undertone
Tingingsverket Oljedrømmer med tekst av haugestipendvinnar 2022 Priya Bains og musikk av Mira Thiruchelvam er ifølgje programmet ein dystopi. Det femdelte verket har ein dystopisk undertone, men også element av von som munnar ut i ei uvisse.
Oljedrømmer blei ein minimalistisk triumf der dei sceniske verkemidla var reduserte til tett på ingenting. Bains resitere teksten i fast positur med stivt blikk på eit manus i armlengds avstand, anten vendt mot høgre eller mot venstre. Aldri såg ho rett fram mot publikum. Thiruchelvam styrte det meste av musikken frå laptopen, men plukka fram gitaren eller den indiske bambusfløyta ved nokre høve. Også teksten var prega av minimalistiske endringar i ein flaum av repetisjonar.
Forfattar Priya Bains framførte tingingsverket med musikk av Mira Thiruchelvam.
Foto: Mari Tveiti
Publikum kom inn i eit dunkelt konsertlokale med ein maskinlyd (gamaldags oljepumpe (?)) gåande på PA-anlegget. Brått var dei to i gang på scenen utan noka form for introduksjon – jeg drømmer vannets buldring over landmassene/ jeg drømmer vannets bevegelse over steinene/ jeg drømmer tidevannets utrettelige arbeid/ dyphavets strømmer, surklingen i mosen/ dråpene ned fjellsiden.
Musikken utviklar seg innanfor støysegmentet sine rammer. I andre del introduserer Thiruchelvam orgelet, klokker og korte melodiske fragment til ein tekst som ser attende. «En gang brukte vi hendene til å lage helleristninger.» Del tre representerer eit høgdepunkt og eit vendepunkt med ein vakker og intens fløytesolo der dei mange repetisjonane frå Bains etter kvart fungerer meir som klanglege og perkusive attributt til fløytesoloen.
Og vona? Tida vår vert skildra som «oljesommer» og «gruvesommer». Musikalsk blandar det elektroniske seg med nokre sarte akkordar på akustisk gitar. Uansett, Oljedrømmer var tankevekkjande!
Markante spelekvinner
Tankevekkjande er også framsyninga Systerspel av og med Benedicte Maurseth. Inspirert av Sigrid Moldestads prosjekt Taus har Maurseth funne fram til markante spelekvinner heilt attende til 1700-talet. Nokre dreg ho fram med namns nemning og teiknar truverdige portrett og augneblinksbilete, slik som 15 år gamle Signe Flatin (seinare gift Neset) på speleferd med far sin.
Maurseth les på ulasteleg Seljord-dialekt frå breva Flatin skriv heim. Her får me detaljert info om billettinntekter, lokalleige og dei lokale fest- og drikkeskikkane. Maurseth formidlar også dei traumatiske kappleiksminna til Torbjørg Aas Gravali frå Voss i 1954.
Gravali hadde spelt suverent, var best, og alle visste det, men då ho skulle pakka ned fela og reisa heim oppdaga ho at misunnelege mannlege spelemenn hadde pissa i feleskrinet hennar.
Eg såg nøyaktig den same framsyninga på Osafestivalen i 2022. I Ulvik var det ein tryggare og ledigare formidlar ein møtte, og engasjementet hjå Maurseth er like brennande.
Kosmopolitten Joni
Heim med Joni, som hadde premiere på Vossa Jazz i 2022, er ikkje ein freistnad på å gjera vestlending eller modøling av Roberta Joan Anderson, betre kjend som Joni Mitchell, men den sjarmerande soga om då slektsgranskar Arnfrid Dommersnæs Mæland fann dei norske røtene til Joni Mitchell i 2008, er med i forteljinga til Kjersti Mjør som bind dei 14 gjendikta songane saman til ei strålande hylling av den canadiske komponisten og musikaren. Mitchell er kosmopolitt også etter denne konserten.
Kapellmeister og akkordionist Heine Bugge har samla rundt seg eit strålande band med Annlaug Børsheim (vokal, gitar og hardingfele), Åse Britt Reme Jakobsen (vokal), Sigbjørn Apeland (tangentinstrument), Sjur Folgerø (gitar), Halvor Folgerø (bass) og Kåre Opheim (trommer).
Bandet lét tett og samansveisa med Opheim som rytmisk fyrtårn i dei raske og rocka låtane, og med sambandet mellom Bugge og Apeland i den meir jazza, medium tempo-delen av repertoaret som spesielt minneverdig.
Kapellmeister Heine Bugge hadde med seg eit strålande band då Joni Mitchell vart hylla med 14 songar i norsk omsetjing.
Foto: Mari Tveiti
Dei har alliert seg med eit a-lag av gjendiktarar, men ikkje alle gjendiktingane fungerer like godt. Tekstane må vera gode å syngja. Gullstandarden har Johannes Gjerdåker sett med «Båe sider no» («Both Sides Now»), men «Ut å reise» («Urge for Going») gjendikta av Tor Schei Hellesnes ligg tett opp under. Dei to høgdepunkta på konserten var «Bort herfrå» («Hejira») gjendikta av Kjersti Mjør og «Elva» («River»), der Ragnar Hovland står for den norske teksten.
I båe tilfella var det ein uvanleg god kjemi i bandet. Spesielt på sistnemnde løfta Børsheim resten av bandet til nivået der alle skjønte at no skjer det vedunderlege.
Knut Hamre og Sinikka Langeland avslutta festivalprogrammet.
Foto: Mari Tveiti
Av alle dei 30 tilskipingane fekk eg med meg ti, og avslutninga på festivalen, Det blå landet, blei eit fint punktum. Samarbeidet mellom Knut Hamre, hardingfele, og Sinikka Langeland på kantele og vokal med tekstar av Olav H. Hauge og Hans Børli blei eit møte med to nestorar som til dei grader eigde scenen. Her blei musikalske kontrastar og tangeringspunkt demonstrerte på utruleg avslappa og upretensiøst vis. Latteren sat laust både i salen og på scenen.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE