April/mai 1979
Olav H. Hauge-dagbøkene: «Kom til Malmö um morgonen. Fint vêr, sol, men litt svalt.»
Teikning: May Linn Clement
Tur til Polen: I morgon tidleg reiser me til Polen, tek toget på Voss. Nattoget frå Oslo til Malmö, kjem dit um morgonen onsdag, reiser um kvelden yver Østersjøen og kjem til Aust-Berlin. So til Warszawa um ettermiddagen. Tog heile vegen.
Kom til Malmö um morgonen. Fint vêr, sol, men litt svalt. Malmö er ein vakker by. Me tok bussen til Lund. Såg fyrst domkyrkja. Dinæst Kungsgården og Kungshuset. Eit merkeleg rundt tårn med tretrepper.
So var eg i ein bokhandel og fekk tak i dikti til Aspenström og eit utval av Enckel. Um ettermiddagen rusla me rundt i Malmö; der er uvanleg fine parkar, serleg slottsparken rundt Malmöhus er makelaus, med yrande fugleliv på alle kanalane og vollgravene, mange gamle tre. På Malmöhus festning er elles eit framifrå museum som me såg.
Um kvelden natt-toget til Aust-Berlin. Det vart mykje avbrot, med ferja, med toll og kontroll av pass og visum, so det vart ikkje mykje sove. Ja, so var me i Aust-Berlin. Der var skite og tung urein luft. Me såg ei rekkje store samlingar på ei øy der, dei vart delvis skadde i siste krig, men vert sette i stand att.
20. april, Warszawa: Fyrst på vitjing til ein minister som styrer med kultursaker. Heldt til i eit gamalt slott. Elles åt me middag i gamlebyen, som no er bygd upp att etter krigen. Mykje fint å sjå der. Me åt middag i ein kjellar som heiter Crokodillen.
21. april: I dag skal me til nasjonalmuseet. Mykje fint der, serleg kunst frå 1650-åri, av hollandsk og tysk målarkunst. Mykje god italiensk òg. Me åt middag i Stare Miasto i dag òg, men på ein annan stad enn i går.
Um kvelden gjekk eg ein lang tur, ned langs Wisla, so upp att med kongeslottet, so gjennom den delen av byen som vender mot elvi, til Barbicun, den gamle ringmuren. På marknadsplassen var fullt av målarar som stelte ut akvarellar og teikningar frå byen. Vakker plass.
I det heile, det er utruleg kor mykje dei har bygt upp att, for minst 75 prosent av heile Warsawa vart øydelagt under krigen, att var berre grushaugar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?