5. januar 1960
Olav H. Hauge-dagbøkene: «Kva er kunst? Kamuflert evangelium. Ingenting anna. Finna på sjølv. Kva finn du på sjølv? Det er erkjenning som er du sjølv.»
Teikning: May Linn Clement
Lee Van Dovski: Genie und Eros. Forvitneleg bok, serleg innleidingi. Biografiane er òg gode.
Thomas Mann: Adel des Geistes. Denne boki har eg ikkje set mykje i enno, men her er visseleg mykje godt.
Elles har eg fenge tak i tvo bøker av Buber, den merkjelege jødiske vismannen. Men det tek tid alt slikt. Fyrebils har eg nok med Meister Eckehart, som eg les eit lite stykke i kvar kveld.
Taler og traktater er vel det beste og djupaste eg har kome hegi av kristen litteratur, eg for min del. Brynhildsen er verkeleg god å setja um. Me har ikkje mange som han.
Ved sida har eg lese Gérard de Nerval: Aurélia, ei svensk umsetjing. Eg har han i tankane, etter lesnaden av Aarnes. Elles har eg kjent dikti hans lenge. Dette er noko for seg sjølv, som eg ikkje vil segja noko um, – til det kjenner eg altfor godt til slike tilstandar, eg kunde ha fortalt mykje slikt.
Men boki er sikkert heilt påliteleg, det er eg stød på, – har ingenting med dikting – eller rettare sagt uppdikting – å gjera.
Kva er kunst? Kamuflert evangelium. Ingenting anna. Finna på sjølv. Kva finn du på sjølv? Det er erkjenning som er du sjølv.
Akt på draumane! Ein gut som ikkje hadde draumar, vart leidd fram for Harald Hårfagre for at han skulde lækja honom, so guten fekk draumar. Dette syner korleis dei gamle såg på det, daglivet var berre ein del av medvitet, like so viktig var draume-livet, det akta dei vel på.
Kloke ord om vers: «Versemål er et Skjema, men et vers er en Individualitet, strengt taget stemmer intet Vers helt med Versemaalets Regler.» Billeskov Jansen.
Spør alltid deg sjølv: Er ditt motiv realisert? Dit er nemleg langt. Du kjenner det når du les igjenom ein ting når han er so gamal at du har gløymt han, um han er vorti til noko og talar av seg sjølv, utan stytte av dine upplevingar og di uppøsing. Det er ikkje dumt å ha klårt for seg kva du røynleg meiner med motiv.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement