27. mai 1961
Den andre mannen. I diktet «Skriket» har Uppdal sagt noko um den andre mannen i oss. Eg kjenner godt den andre mannen, men eg har ikkje late han tala. For det er gut som kan tala det. Han trivlar ikkje etter ordi.
Alt er absolutt og avgjort, for han veit, som Dante visste. Uppdal let honom sleppa til stundom, ja ofte, og det er gut som har syner og dikt.
Eg har vore altfor redd. Eg skynar ein må læra å lita på den andre. For kjem han til ords so. Her er mykje å gjera. For i grunnen er det ikkje noko å vera redd, den andre. Han er vill og umsynslaus, og kan skræma folk. Tid er ikkje til for han, ikkje avstandar heller; døden er ikkje til for han heller, han har vore til og veit han vert til, han diskuterar aldri den sak.
Han er i alt og eitt motsetnaden til den stakkars uslingen som heiter eg, denne kvardagspuslingen, denne skrælingen.
Difor gjeng du og ottast for han, til kvardags, når du er normal, ottast han skal ta ordet, syngja upp, gjera seg myndig. Du ottast han, men inst – du er samstundes huga at han skal ta ordet, gjera seg til herre, for du er på ein måte sæl under hans vald.
Eit terribelt vald, eit skrekkvelde. Men herleg, like vel. For det er gut som regjerar på. Ein asiatisk Khan. Han er ikkje i tvil um kven han elskar. Han valde seg ei ein gong, og kjem henne i hug òg, han tvilar aldri på henne, det er so urikkande, ja som ei æveleg lov. Trugen, tvilar aldri. Veit.
Kva er det du stakkars kvardagsarming har lagt deg til med? Hårsveis? Og kjæraste? Slikt vyrder han ikkje. Han er trugen imot den han valde. Du torer ikkje mukka. Nei, det er syrgjeleg han skal vera so vill. Det spørst um han ikkje skulde koma til ords oftare, so meir i kvardagslag, so vorte han ikkje so vill og galen når han tek velde. Her er noko gale. Her har du skuld sjølv.
Tenkja meir på han, lata han koma til orde oftare, det er det.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.