Litteratur

25. juni 1961

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

Publisert Sist oppdatert

Vaska klær. Elles regn, det har halde på ei vike no. Etter middag lese, um Obstfelder. Elles vandra upp og ned på golvet.

I kveld har eg bladt igjenom dikt frå ungdomsåri. Det er både ilt og sårt, men samstundes gledeleg òg, å sjå att ting ein skreiv i ung alder. Diverre har so mangt kome burt for meg, kanskje det beste eg skreiv i ungdomsåri er burtkome.

Eg misste det diktet alt tidleg, vel ein 3–4 år etter det vart til, eg kunde ikkje greida å setja det i hop att etter minnet; det vart skrive i 18-års alderen, tenkjer eg. Eg har eit rit av eit av utkasti, det er alt. Det var eit godt dikt, og eit langt dikt.

Men eg har berga ein 6­–7 sonettar eg skreiv då eg var tjuge; dei synest eg enno er gode, og det gled meg alltid å lesa dei uppatt. Dei er utruleg vel forma og faste, det viser kor langt eg var komen i den alderen, fyrr slaveåri i gartnaryrket tok til.

Eit stort dikt frå 19-års alderen, «Skalden» har eg òg berga. Det er djervt og kraftig, og ikkje dårleg skrive; eg kom til å skriva mykje skralare ting seinare. Elles har eg minder dikt frå 18–19 års alderen som òg er gode. Det var nokre gode år for meg, etter eg vart kvitt middelskulen til eg byrja på Hjeltnes. Då byrja nedgangen.

Frå tidlege ungdomsår, frå 15–16 års alderen har eg mange dikt, med alle dei lyte som arbeid i den alderen til vanleg har. Frå guteåri har eg òg dikt, eg kunde ikkje rima i den tid, men dikt laga eg like heilt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement