JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

25. juli 1959

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2016
20240920
2016
20240920

Miller, denne moderne Thoreau. Mannen som er trøytt av storbyen og det moderne liv med pengejag og luksus, som vender alt dette ryggen og leitar attende til meir einfelde tilhøve i pakt med naturi. Eitt vil han ha med: kvinna. Miller er no som fyrr grådig etter kvinnfolk; han er ingen munk soleis.

Thoreau derimot var litt av ein brahman, han brydde seg ikkje um kvinnfolk. Han las i sine greske og indiske bøker og var asket. Det er noko djupt ærleg og trufast i Thoreau. Han er i slekt med store sanningssøkjarar som Pascal og Kierkegaard.

Det er liksom noko kunstig yver Millers program. Det er for flagrant, det uppreistet hans, det har for mykje av dollargliset. Gjev meg Thoreau! Han hadde ikkje gjenge i skule i Hollywood.

Ein Platon, ein Goethe, ein Nietzsche og ein Ekelund – ja, me kunde nemna mange andre store menn òg, Ibsen og Kierkegaard – var alle tenarar under ein idé. Under sanningi, under sin visjon av det største og beste hjå Gud og menneske; dette er deira styrke og stordom. Mange kunstnarar i dag saknar ein idé, og tener ikkje noko, det laut då vera sin eigen fridom. Men er det noko å tena? Lat profetane kalla seg Picasso eller Miller, dei er ikkje anna store ungar som har funne ut at her er godt å vera og me vil gjera som me vil.

«I am convinced that to maintain oneself on this earth is not a hard-ship, but a pastime, if we will live simply and wisely,» segjer Thoreau.

Noko av dette har eg prøvt å leva etter, men eg finn det hardt nok, for samfunnet set so harde vilkår at dei bind alle til same træletenesta. Du er pliktig å stå i sjukekassen, du vert ribba når du tenar nokre kronor, det finst ikkje bøn. Å leva som fant er ulovleg og umogeleg.

Passande umoralsk, passande slarvehuga, passande uppteken med seg sjølv og sitt, med alt slikt som han veit lesarane – mange av dei i alle fall – er huga vita, litt populærfilosofi av samanraska rekgods – og du har Miller.

[...] Og likevel, eg er ikkje ferdig med Miller, endå han er ein «buzzard».

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis