Litteratur
25. august 1962
Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.
Av og til kjem det ut gode bøker her i landet o`g. Helst skjønlitteratur. Essays og filosofi er sjeldsynt vare her. Her er ei bok, ei uvanleg bok. Forfattaren prøver skapa ein syntese, eit grunnlag for nyorientering i liv og kunst. Ikkje med a° setja fram eit nytt subjektivt livssyn, men ved a° halda fast noko av det som han meiner er det berande og avgjerande for mennesket, den a°ndelege arv me har.
Mange er a°ndsfrendane til Brynildsen: Alf Larsen, Hohlenberg, Alf Ahlin, Werfel, ja, rekkja er lang.
Brynildsen si bok er som torever, ho er myrk og trugande, her er kvasse lyn, men ho reinskar lufti. Skal eg samanlikna henne med noka norsk bok, lyt det vera med Den kongelige kunst av Alf Larsen.
Me har enno dei som held elden brennande. Brynildsen lyfter va°r a°ndelege arv. Han har lese mykje, men det har mange. Men det er fa°e som tenkjer yver det dei les, det er det som er saki. Denne boki er ein straum- vendar, ho burde verta det! Tenk pa° eit lite stykke som «Verdens forberedelse». Der er sprengstoff der! Upprør! Tenk pa° kva destruksjonskrefter som er i arbeid! Her er eit a°lvorleg ord til dei som dømer um litteratur.
Og forfattaren har eit ord til kyrkja, eit a°lvorleg ord. Les «Kirken – et tankekors». Etter ei lang soge um a°nd og – form.
Denne mannen er ein som har gjenge til kjeldone. Du kan segja han er som ein gartnar: han tumar seg nedetter og finn den friske veden, der det kan vera von um nye skot, og skjer na°delaust turkande greiner og kvister burt. Pa° kulturtreet. Det er heile treet si velferd og trivnad Brynildsen tenkjer pa°, treet med sterke røter attende i Jødeland og Grekenland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.