JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

21. juli 1969

Olav H. Hauge-dagbøkene: Høyra på vakker musikk, sjå unge og glade og vakre menneske som elskar og vert elska, – sjå det er lærerikt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1904
20240112
1904
20240112

«For første Gang, for første Gang,

det giver mang en Smaating Rang.»

Desse ordi til Wergeland kjem eg i hug no i desse dagar. Tidi gjeng fort. Brigdi og framstigi kjem på ein annan slag i slag, slik at me som er eldre, kan ikkje fylgja med.

Ungdomen i dag er onnorleis enn for ein generasjon sidan. Dei forstår ikkje oss som er eldre, og me kan ikkje forstå dei. Og likevel! Dei fyrste stigi, dei fyrste elementære uppfinningane, dei fyrst definerte lovene, nett dei, er framleis dei mest forvitnelege og spanande. Og lettast å forstå.

Åri dreg på. For meg. Det er ikkje tid å spreida sine interessor, men dra dei saman. Skil seg. Både nei og ja. Du bed etter fridom til å sturta deg ut i laussloppe liv, til å fylgja di lyst. Godt og vel. Um ikkje lenge bed du um vilje og mod til å koma fri att.

Høyra på vakker musikk, sjå unge og glade og vakre menneske som elskar og vert elska, – sjå det er lærerikt. Kva har ein slik som du (eg) å venta? Du (eg) ser meg sjølv ei stutt stund då, ser meg med dei unge sine augo (eller i minsto med andre folks). Ser deg (meg) sjølv.

Det er lærerikt. Livet held upp spegelen for deg! Og likevel, – dåren har rett å fylgja seg sjølv, den kloke gjer sjeldan det. Eg har alltid vore dåren. Då har det gjenge best likevel.

Rykkjast ut frå sin daglege synsvinkel. Det skal vera lærerikt det sume tider. Ei måneferd må verka slik, – sjølv på dei som sit og ser ho på fjernsyn. Send filosofane til månen, segjer Arild Håland.

Dei skulde heller ta seg ein tur til fots kvar dag, slik at dei la upp batteriet, det er turvande for ein som skal tenkja. Vinje fann ut det. Schopenhauer gjekk minst tvo timar kvar dag, kor veret so var. Eg finn ikkje på noko nytt. Men mangt gamalt er nytt for meg, eg har ikkje rokke lenger.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis