JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

20. februar 1956

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2401
20230609
2401
20230609

Knut i Stetti. Han Knut vart ikkje nokon gamal mann, 64 år. Det vart ikkje sagt det som skulde vore sagt ved kista hans. Eg kjende det som me vart småe, me som sat der.

Han var sigraren, han Knut. For eg veit han var ein av dei som me kunde bruka ordi um: «Den som vil berga sitt liv, skal missa det, og den som gjev sitt liv, skal vinna det.»

Rett nok var han ikkje ofte å sjå i kyrkja, men likevel veit eg um fåe som levde etter Kristi ord som han. På hans dør hadde du ikkje banka fåfengt dersom du hadde vore i naud. Og ikkje var han redd for seg og sitt heller.

Eg hugsar 25. april 1940. Dei tyske båtane kom inn i 7-tidi um mor gonen og gjekk um bord på San Miguel, som låg ved dampbryggja. Då small det ein stad uppi haugane. Straks kom Knut springande nedyver Nilsaflaten, for upp på Solhaug og stod og speia – rifla i handi.

Han ropa hega til meg og spurde kor dei skaut. «Nedi haugane her,» sa eg. Knut sette nedyver. Etterpå fekk eg vita han la seg i lina millom soldatane som låg på Prinsahaugen. Seinare vart han spurd um han treffte. «Dar var ingjen so markerte,» sa han.

Trugen nordmann, heilhuga og retttenkjande var han, levde spartansk og var nøgd med lite. Einfelde klæde, einfelde ting i huset, berre det aller nødvendigaste til mat og drikke – slik levde han. Ei bok til kveldstundi var hans tidtrøyte.

Han sa aldri eit vondt ord um nokon, og bar aldri. Han kunde verka litt bratt og stiv i framferd, men var ein vâr og hug-mjuk mann, som alle dei folki. Det er langt millom slike som han.

(…)

Alt ligg i frø hjå Wergeland: Bjørnsons varme og menneskekjærleik, Ibsens strenge tukt, Aasens målstræv, Moe og Asbjørnsen, Kincks merkelege biletrike sjåarstil, Collett Vogts lyriske begeistring, Obstfelder, ja endåtil Vinjes beiskleik og satire.

Endåtil i dette århundrad er han gjevaren og den som inspirerar. Bull er utenkjeleg utan han, Aukrust like eins, Nygard, Ingeborg Refling Hagen og Henrik Holm. Ja, endåtil modernistane har gjenge i skule hjå han og kan ausa av hans biletskapande fantasi. «Til Georg von Krogh» og «Mig Selv» skulde vel vera modernistiske nok.

Gud vite – han kan føda mykje enno, denne store åndi. Der noko stort vert til i landet vårt, er Wergelands geist med.

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis