20. februar 1956
Alt ligg i frø hjå Wergeland: Bjørnsons varme og menneskekjærleik, Ibsens strenge tukt, Aasens målstræv, Moe og Asbjørnsen, Kincks merkelege biletrike sjåarstil, Collett Vogts lyriske begeistring, Obstfelder, ja endåtil Vinjes beiskleik og satire.
Endåtil i dette århundrad er han gjevaren og den som inspirerar. Bull er utenkjeleg utan han, Aukrust like eins, Nygard, Ingeborg Refling Hagen og Henrik Holm. Ja, endåtil modernistane har gjenge i skule hjå han og kan ausa av hans biletskapande fantasi. «Til Georg von Krogh» og «Mig Selv» skulde vel vera modernistiske nok. Gud vite – han kan føda mykje enno, denne store åndi.
Der noko stort vert til i landet vårt, er Wergelands geist med. Wergeland er den som held alle desse fuglane i si hand – alle fyk ut med eitt bod, eit serskildt bod som alltid kjem frå han. – Han stend og taumhøge [?] sterke hender. Folane sine. Dei er hans tenande ånder. Det vil me alle vera. (…)
Wergeland styrer det nye Norge, sa eg. Alle diktarane etter han er fuglar sleppte frå hans hand, – med sitt bod. Bod frå han. Eg kan nemna døme. Er det ikkje som heile Ibsen ligg i «Efter Tidens Leilighet»? «Vær i et og alt dig selv! Det er sejrens kunst, min sjæl.»
Men Wergeland kan òg vera makaber som ein fransk symbolist, og drøymande som Obstfelder. Obstfelder er ikkje den minste av etterkomarane hans. Dei segjer mynsteret for versi hans skal vera Whitman; kvifor ikkje like godt Wergeland?
Wergeland er vanskeleg å lesa mange gonger. «Maadehold i Dyd» er som ein jungel, ikkje nokon stad vrimlar det slik av fantastiske bilete, stilen er heller ikkje so enkel, dertil alle allusjonane og innpåleikingane.
Det er ikkje kvar manns sak å fylgja ein slik forfattar, so vel heime i klassisk litteratur, religion og mytologi og historie og natur vitskap som han er. Han lyt ha havt eit fantastisk minne, for ikkje trur eg at han hadde tid å slå etter halvgløymde skulekunnskapar, nei, det levde friskt og kom att endå blankare – ja ummynta og foredla.
I dette stykket kjem han òg inn på diktekunst og forsvarar sin kunst, i motsetnad til Welhavens syn, sjølvsagt. Han skriv ofte um sitt syn på diktingi, so det er lett å sjå at han reindyrka sin biletskapande fantasi og prøvde ikkje tøyma han. Og Gud skje lov for det. [Overstroke med kryss, og påskrift: Tøv]
Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?