JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

19. januar 1965

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1630
20240105
1630
20240105

Ein fin soldag. Mykje snø. Elles lite og inkje gjort. Ein skral dag soleis. Prøvt å lesa um Kant. Tungt. Prøvt å lesa «Little Gidding» av Eliot. Filosofi, innvikla prat. Set litt i Ordene av Sartre. Tull um sin barndom – ser ut til å ha vore som åri til lesehuga ungdomar flest.

Dei gongene du spontant har lydt ditt hjarta, angrar du ikkje på; dei skin enno med ein eigen glans i sinnet.

«Hjärtats dumhet» er eit uttrykk hjå Ekelund. Det segjer so mykje. Venteleg er det det som gjer at folk so ofte vert sjuke der. Det å bannlysa all sentimentalitet frå liv som kunst, er noko som i lengdi hemner seg. Det skal ikkje gråtast, heiter det. Ver hard. Men mange har gråte seg friske.

Oscar Loerke: Das alte Wagnis des Gedichtes. Dette er eit essay yver diktet, skrive i 1935. Han kjem vel her med hovudtankane for modernismen.

Leiting: Dei skuldar moderne litteratur og kunst for at dei grev i skit og søyle, i last, hor, mord, krig, død og undergang. Ja vel. Men likevel er denne kunsten på leit etter ljoset, det sant menneskjelege. Det finn ein gjerne helst i ulukka.

Dei gamle leita òg etter Gud i mennesket, men på finare stader. Nei, ein skal vera varsam med å fordøma dei nye retningane.

Tanklyrikk og stemningslyrikk (etter Loerke). Tankelyrikk kan ofte vera hard, kald, naken, og vert sjeldan kunst. For det um du set ein tanke på rim, vert det ikkje difor kunst. Her er ein fåre.

Stemningslyrikk er òg sjeldan bra. Og mykje vas og sprøyt har vorte laga av det slaget. Av dette fylgjer ikkje at tankar, kjenslor er bannlyste frå diktet. Nei, men dei må gå saman til ei høgare eining, verta anskuelse.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis