På tur del 2. Til Roskilde. Dei heldt visst på med reparasjon, slike gamle kyrkjor vert visst aldri ferdige. Der ligg då dei fleste av dei danske kongane. I prakt og herlegdom. Kyrkja, som vel var tenkt til Guds ære, er vorten eit monument yver danske kongars og fyrstars fåfengd.
Høgdene til mange kongar stend hogde på ei sula – um måli er å lita på, dei har vel ikkje vore mælte på sokkeleisten. Soleis skulde Christian I vera so høg, men etter måli på skjelettet, har han vore 188 cm. Det er ei bra høgd, det med. Elles var Peter den store 208,4, Christian X 199,5. Ikkje småkarar.
I Helsingborg var eg uppe i Kärnan, det gamle tårnet som stend att av ei borg der. Det er vakkert, og der er godt utsyn der ifrå. Kärnan på eine sida, Kronborg på den andre. Dei er elles ikkje typiske representantar for sine nasjonar.
Det er derimot Helsingör og Helsingborg. Den eine typisk dansk: kvardagsleg og liketil, den andre typisk svensk: ståt, greidlina, men noko stiv.
Kronborg. Der kom eg i fylgje med engelsmenn og skuleklassar. Og reiseførarar tok uppatt leksa si, fyrst på dansk, so på engelsk. Eit staseleg slott. Men soldatane har ikkje hatt mykje stas og komfort i kasemattone under i kjellarane. Me fekk vandra gjenom ein del av dei.
Stogga ei tid i Göteborg. Då eg stogga i Halden, – eg kom yver Trollhättan og Kornsjø, var eg uppe på festningen. Det var forvitneleg, slikt ein har lese um.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.