Litteratur

17. mars 1966

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

Publisert

Det er greidt at fast tradisjonell form er vanskelegare enn det frie verset. Det vil segja um ein set same krav til diktet: at det skal vera biletrikt, sterkt i uttrykket, ha kraft og karakter, mjukleik, det vil segja slik som emnet krev.

At det gjeng an, har me mange døme pa°. Benn, Dickinson. Det er greidt at det frie verset har mange fyremuner her: diktet kan fritt falda seg ut, utan a° vera bunde av reglar. Her gjeld sjølvsagt o`g lover, dei lover spra°ket set, og dei emnet set. Men det er lettare a° fa° til eit godt fritt dikt enn eit retteleg godt dikt i tradisjonell form.

Pa° den andre sida har den faste formi o`g sine fyremuner, det avgrensar og tvingar versesmeden til konsentrasjon og leiting etter knappe, presise uttrykk. Nett det umogelege, har ofte tvinga han til djerve sprang i tankegangen.

Og dei mest va°gale dikt finn me no vel enno i fasttimbra form. Frie vers har lett for a° gli ut, i prat, i skildring, og forløyser ikkje det rette ordet. Benn har na°tt langt i fri form, men si største sprengkraft har kanskje dei tradisjonelle dikti hans, han slutta aldri med dei.

Den store interessa for sonetten her hja° oss syner at me ikkje er ferdige, me er nett byrja a° røyna ut den formi. Dei er ikkje ferdige i England heller, enda° dei har dyrka sonetten ivrig i lange tider. Nye klangar stødt! Keats «To the Sonnet».

Ein sonett skrivi etter reglane er stiv og kjedeleg, ja, noko av det kjedelegaste ein kan lesa. Men ein god sonett kan òg skrivast slik at han vert ulik alle andre sonettar! Fær individualitet, sin eigen musikk, sin eigen rytme, vert eit dikt, og likevel kan han fylgja formi, med dei avvik som alltid bør vera der i noko nyskapt. Som sagt kan fast metrisk form, og fast rimsystem, binda og avgrensa diktet, men o`g forløysa krafti.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement