Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

11. februar 1965

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1793
20241206
1793
20241206

Shakespeares sonetter, ved Kristian Smidt. Eit godt utval. Innleidingi er god; der er ymist um sonetten som er verdt å merka seg, serleg um den logiske uppbyggjingi og gongen i dei gamle sonettane.

No vil ein gjerne bruka sonetten onnorleis, dersom det er råd? Uppdal har vel greidd det. Eg skal sjå litt nærare på sonettane hans.

Det er gildt å sjå at Alme har kome med, endå nokon god umsetjar var han vel ikkje, etter måli i dag; di gildare er det at nokre av hans tolkingar har funne nåde for so streng ein domar som Smidt.

Eg sette sjølv um ein del sonettar av Shakespeare i ungdomen, men det vart kleine greidor. No skulde eg nok gjera det betre, men det tek tid.

I boki um eksistensialismen og religiøs tru segjer David E. Roberts, i stykket um Kierkegaard: «It is not accurate to say that he ’passed through’ the aesthetic stage, for he never completely eradicated its effects.» Dette er rette ordi. Eg kan aldri lika Kierkegaard, for eg er ikkje heilt trygg på um han berre leikar med ordi; stutt sagt, han er for mykje litterær estetikar.

Kanskje dette kjennest minder for dei som les han i umsetjing. Nei, eg er ikkje trygg på han fyrr han vert sint nok, som t.d. i Øieblikket. Men kanskje eg ikkje har tenkt yver og lese han med ettertanke, – eg har ikkje lese noko større av han heller. Eit ord fester eg meg like vel med, og det er i tråd med det eg sjølv har set og røynt: «Den som tror Gud mod Forstanden, bekreftes i det indvortes Menneske.»

Ibsen og Aukrust hadde sin filosofi: Kierkegaard. Han kunde dei lesa på hans eige språk. I Norden hadde K. gjort sin gjerning lenge fyrr verdi fekk auga på han. Og det var ein stor gjerning K. gjorde, han slo stål i Nordens åndsliv meir enn nokon annan. Garborg, Strindberg er namn me kan nemna, menn som forstod han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis