11. februar 1962
Teikning: May Linn Clement
Kierkegaard um poesi: «Poesien er den fuldkomneste af alle kunster og derfor ogsaa den, der mest veed at gjøre tidens Betydning gjeldende.»
Det kan vera verdt å leggja til at Kierkegaard ikkje gav seg av med å prova at Gud er til, heller ikkje at Kristus var guddomeleg. Han prøvde heller ikkje prova at «eget» er til. Dette set han i klasse med mange mystikarar.
Dristige tankar! Som nett viser kva plan han var på. Han tilbad det usynlege. Med umsyn til determinismen so segjer K. at mannen er både bunden og fri. Dette er vel sanningi. Med umsyn til spursmålet tru, er vel K. mykje av same meining som Pascal. Ein skal tru på trass av all fornuft. Pascal tala um vågnad. Det kan høyrast praktiskt ut. (Wager)
Kierkegaard skreiv mykje, og han segjer sjølv at han rakk ikkje skriva ned alt som strøymde på. Nei, skulde ein skriva ned likt og ulikt som han gjorde, trong ein ti pennar, som han seier. Då må eg segja at Emerson er fyndigare, og meir slåande, endå han vel ikkje pløgjer so djupt. For K. er ein retteleg bulldozer, han grev i djupni og rotar upp stein og grove trerøter.
Til den verksemdi var stilen hans ideell; skulde han få ryskja upp slike idékompleks som han gjekk laus på, trongst ein slik smidig, altumfatande, djuptgripande ordleggjingsmåte. Alt måtte med. Han må ha hatt ein veldig intellektuell energi.
I dag, eller kanskje serleg i dei siste tjuge åri, har K. vore modefilosofen for dei intellektuelle, på same måten som Nietzsche var det etter hundreårsskiftet.
Colin Wilson har i boki Religion and the Rebel eit stykke um K. Han segjer at K. forstørra sine personlege problem «out of all proportions». Og den endelege domen til Wilson lyder slik: «A man of superb intellect, and great spiritual strength, but a top-sided, tragic figure.»
Desse ordi er vel ikkje tekne heilt or lufti. Colin Wilson, som bruker ordi «outsider» og «insider», segjer at hans «outsider» svarar til Kierkegaards «religiøse Menneske». Kor mykje Wilson har lese av K. er ikkje godt å segja. Men han er gløgg.
K. kjende seg seksuelt underlegen, det er lett å skyna, han sirklar so mykje um seksuelle spursmål. Dette forklårar likevel ikkje gåta Kierkegaard.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.