10. mars 1956
Misnøgd med seg sjølv! Ein er stygg, lat, hasjuk, ovundsjuk, slarvevoren, dum, veit lite, har hug å skryta, vil vera kar, trur ein er noko, heimealen og tosken som slike gjerne vert! Du er nøydd å koma i kontakt med framande folk som røynleg er noko, skal du sjå kor tosken og fåvitug du sjølv er.
For gjeng du og trør saman med berre kvardagsmenneske som lite og inkje har set og lært, vert ein gjerne innbilsk og trur seg betre enn andre. Nei, lat mauren møta elefanten sume gongar – det er sunt, eller kråka ørni.
Dagbok. Lichtenberg var fælt uppteken med dagbøkene sine. Noko laut han setja på papiret, syntest han, utan var den dagen spilt. «Eg gjekk ned på bryggjene i Hamburg for å få noko å skriva um,» segjer han ein stad. Pepys var òg ein flittig dagbokskrivar; det er merkeleg kor menneskeleg han er, vel fordi han er so open og ærleg.
Um å lesa alt. Du tarv ikkje lesa alt av ein diktar for å få ei meining um han, eit dikt, eit lite stykke, ei forteljing, ei bok er nok. Ein tarv ikkje sjå heile treet for å vita kva det er for noko, ei flik av ei blokke er nok.
Svensk lyrikk. Sist laurdag var eg på eksamensfest på Hjeltnes. Lektor Nils Hellesnes heldt festtalen; han fortalde um Sillanpää, den finske diktaren. For meg er det berre eit namn; eg har aldri lese noko av denne mannen.
Hellesnes er ein kjend kritikar; sikkert ein lærd og solid kjennar av moderne litteratur. Han er svært liketil og greid; verkar godsleg og trygg. Eg manna meg so pass upp at eg helsa på han. Han bad meg koma heim til seg; og det er eg svært takksam for. Han fortalde meg um Sjur Bygd.
Sjølv las eg upp nokre svenske dikt; eg kan ikkje lesa svensk, men det såg ut til at dei forstod meg i alle fall. Elevane såg vituge og friske ut. Og godt klædde. Eg laut tenkja på den skitne, lurvute flokken for 25 år sidan, då eg gjekk ut. Nordmennene tek til å verta siviliserte, ser det ut til. Festen var hyggjeleg og morosam.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.