Litteratur

1. januar 1968

Olav H. Hauge-dagbøkene: Harmoni, ro, kvilande kraft, herredøme yver seg sjølv og sine instinkt, det er Goethes mål.

Publisert

Meir um Dostojevskij: «Himmelhoch jauchsend, zum Tode betrübt» («Jublande i himmelen, sorgfull til døden»), heiter det. Det kunde vore hans ord (Dostojevskij) med rette, ikkje Goethes, som stødt søkte millomvegen.

Her ligg skilnaden millom dei tvo. Ekelund, som kjende og forstod Dostojevskij godt, fylgde helst Goethe her, det gamle greske vismannsidealet var det òg. Her kjem ogso hugen til spel, til å setja alt han eig på eitt.

Dostojevskij har skildra mange personar med morbide drag, tjuvar, mordarar, horkarar. Thomassen meiner det er seg sjølv han skildrar her. Zweig kjem òg inn på dette, men meir varsamt.

Krag er mykje meir varsam her, etter det eg har høyrt, og han kjenner vel diktaren best. Det å setja likskapsteikn millom personane i ei bok og forfattaren, er fårleg og ansvarslaust. Men å setja upp motsetnader som Goethe og Dostojevskij er sikkert forsvarleg.

Harmoni, ro, kvilande kraft, herredøme yver seg sjølv og sine instinkt, det er Goethes mål. Dette fører til sterilitet, etter Dostojevskijs lære. Det er i spenningi, striden millom polane, millom vondt og godt livet er å finna.

Verdi, livet lyt levast millom himmel og helvite, millom Gud og djevel. Livet er for honom elektriske utladingar millom kontrastar, millom negativ og positiv pol. Ikkje noka norm, nokon moral, men intensitet er
hans mål. Rett liv er sterkt liv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement