Litteratur mot barbarietLars kloke og sitatvenlege fragment engasjerer.DIKTLars Norén:FragmentOmsett av Steinar Opstad
Lars Noréns kloke og sitatvenlege fragment engasjerer.
Lars Norén vil ikkje skrive poesi.
Foto: Lina Ikse
«Ja, man må ha noe å se frem til, om det så bare er slutten», skriv den svenske dramatikaren og lyrikaren Lars Norén i eitt av fragmenta på dei drygt fem hundre sidene i denne boka. Fragmentet illustrerer den gjennomgåande dystre, skeptiske og bistre grunnstemninga som rår i boka. I fragmentet som følgjer, og som lyder «Slutten – ikke engang den er nok», påtalar Norén tendensen menneska har til å reise religiøse og filosofiske byggverk og system over sin endelege eksistens. Ein tendens som har medverka til at sivilisasjonen har brote ut i vondskap og barbari.
Eksistensielt
Fragmenta kommenterer tenkjarar som Martin Heidegger, Emil Cioran og Simone Weil, og tek opp i seg spørsmål knytt til eksistensen, døden, kunsten, språket og meininga. Det er som om forfattaren grev fram brokkar frå kulturens fortrengde og smertefulle erfaringar. Ein treng ikkje å ha inngåande kjennskap til dei spesifikke forfattarane og filosofane for å ha utbyte av Noréns aforismar, som ber fram kontante, lysande og ganske ofte sitatvenlege sanningar: «De best besøkte minnestedene består for det meste av glemsel».
Ikkje-avslutta
Norén hevdar at fragmenta hans ikkje er poesi. Kvifor? Eit fragment er ein del av ein større, tapt heilskap. Språket har, ifølgje Norén, ein ibuande tendens til å utvikle seg til katedralar, til å slå bru over alt og alle, og til slutt slår det heile over i det totalitære. Norén skriv fragment for å unngå å hamne i dei heilskaplege systema som han ser på som potensielt barbariske. Av di er Fragment også eit ikkje-avslutta verk. Jamvel om Norén ikkje ønskjer å skrive poesi, verkar han likevel fanga av det han ikkje ønskjer å gjere. At fragmenta er språkleg godt forma, med smertefulle og tankeeggande setningar som både tangerer og her og der overskrid poesien, er tvillaust.
Holocaust er ei smertefull nøkkelhending hos Norén: «Avgrunnen er det høyeste utsiktspunktet». Av di mennesket strevar så høgt, vert avgrunnen og fallet så djupt: «Vår tids avgrunner er lave flate felt Menneskeovner/ Steder der barn går opp i røyk Likgroper Gudsriket ikke stiger opp av».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.