Litterær draketemjing

Hjelp til barn med ein drake i huset.

Dragen slik Svein Nyhus teiknar han.
Dragen slik Svein Nyhus teiknar han.
Publisert

Gjennom snart to tiår har ekteparet Gro Dahle og Svein Nyhus gjort det til eit særmerke å lage biletbøker som gjer det lettare å snakke om å ha det vanskeleg heime. Ofte skriv dei på oppmoding frå familierådgjevarar og terapeutar.

Både vald, alkoholisme, angst og overgrep har vore utgangspunkt for den kunstnarlege utfaldinga til Dahle og Nyhus. Metaforen er eit gjennomgåande og kraftig verkemiddel i bøkene deira. Han kan opne for samtalar om opplevingar som ikkje lèt seg uttrykke med vanlege ord. Det litterære grepet gjev også lesaren høve til å sjå historia utanfrå, på naudsynt avstand.

Når turen no er komen til å skildre terroriserande og truande mødrer, er det i form av ein rasande drake.

Korleis er det å ha ein drake i huset? Lilly kan aldri ha med seg vener heim. Draken fresar i sinne, svir maten og øydelegg teikningane hennar.

Språket har eit poetisk preg som forsterkar intensiteten i forteljinga. Rytmiske gjentakingar kvervlar opp ei stemning av frykt og fortviling. Saman med illustrasjonane der draken buktar seg kring Lilly frå alle kantar, frodande i raude og gule fargetonar, vert det klart både for lesaren og for Lilly: Her er det farleg, her kan ho ikkje vere. Ho treng hjelp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement