Kunst

Litt halvhjerta om kjærleikMedan festspelutstillingane plar vere spektakulære og storslegne, overraskar Torbjørn Rødland med ei lågmælt utstilling.

Medan festspelutstillingane plar vere spektakulære og storslegne, overraskar Torbjørn Rødland med ei lågmælt utstilling.

Torbjørn Rødland: «Ace of Cups», 2017–2018.
Torbjørn Rødland: «Ace of Cups», 2017–2018.
Publisert

Festspelutstillinga i Bergen er ei av dei viktigaste utstillingane av samtidskunst i landet. Kvart år vert det valt ein festspelkunstnar som får Bergen Kunsthall til disposisjon. Det vert stilt eitt krav: Ingen av verka skal vere stilt ut tidlegare. Dette er ei stor utfordring, for dei fire salane dannar eit svært areal. Ofte verkar det som om festspelkunstnarane har løfta seg etter håret i prosessen med å lage så mykje nytt, kan hende ser vi starten på ein heilt ny kurs.

Dette gjer at ein ser fram til utstillinga med store forventningar.

Internasjonal

I år er fotokunstnaren Torbjørn Rødland (f. 1970, Stavanger) festspelkunstnar. Sidan 2010 har han budd i Los Angeles. Samstundes som han for lengst er skriven inn i norsk kunsthistorie, markerer han seg internasjonalt, endåtil i aukande grad. I sommar opnar også store utstillingar i Los Angeles og Milano.

Eg må innrømme eg vart litt skuffa av utstillinga. Eg venta meg meir av denne uvanleg dyktige kunstnaren. Eg saknar smellet verka hans kan ha, det som får deg til å stå og gape, som får motiva til å brenne seg inn i netthinna. Eg får ei snikande kjensle av at vi ikkje var viktige nok denne gongen, at dei andre utstillingane han skal ha i sommar, slukte noko av den energien som han med fordel kunne sprøyta inn. Ein tredjedel av arbeida er dessutan eldre, det vil seie at dei ikkje er laga spesielt for utstillinga. Utstillinga her verkar ørlite grann halvhjerta. Likevel er det ei verkeleg god utstilling, og vel verd ei bergensreise.

Bittersøtt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement