Teater
Litt for støyande pang
Den tyske samtidssatiren kjem med full guff, men grunntonen druknar i støy.
Olav Waastad speler tittelrolla.
Foto: Erika Hebbert
Skodespelet Pang! hadde urpremiere i Tyskland for få år sidan og er på kort tid vorte eit snakkisstykke over heile Europa. Grunntemaet det tek opp, turbulensen i den vesle verda (familien) kontra krisene i den store verda (samfunnet), og samanhangen mellom dei to, jau, vi kjenner det frå klassikarane, og kvar tidsepoke treng å verte mint om det, også vår tid. I karakter- og handlingsutviklinga er stykket til Mayenburg rein karikatur, men det er ein treffsikker satire. Når det lukkast på scenen, kan det gi oss ei uroleg, spennande blanding av moro og ubehag.
Noregspremieren på Rogaland Teater for to år sidan hadde ein kjapp og stram energi i seg og lukkast langt på veg med det ovannemnde. No skal stykket ut med Riksteatret i ein versjon av Peer Perez Øian. (Framsyninga hadde ein lukka førpremiere for presse og teatertilsette førre onsdag.)
Denne gongen har stykket, som denne meldaren såg det, fått litt for breie vengjer å flyge på. Der stykket alt i utgangspunktet er spissa og parodisk i forma, trass i til dels alvorlege hendingar, har ein her vorte freista til å dra karikaturane ut i det absurde, det delvis heilt uforståelege. Då fungerer det faktisk ikkje lenger som satire.
Det nærmar seg berre meir og meir eit meiningslaust leiketeater. Ein sjanger som denne, som balanserer mellom realisme og parodi, krev skarp presisjon i uttrykket for å få feste. Her er det for mykje kvasiimproviserte påfunn som berre distraherer. Å late som ein misser konsentrasjonen, fell ut av stykket og byrjar å bruke dei eigentlege namna på skodespelarkollegaene sine – nei, det har vore prøvd før og har eigentleg aldri vore morosamt.
Skodespelarane syner stor vitalitet i både kropps- og talespråk, men får sjeldan fram nokon logisk raud tråd. Olav Waastad speler tittelrolla, det egosentriske maktmennesket Rolf Pang. Waastad er eit overskotsmenneske av ein skodespelar. Han har gjort mykje bra, og vi har nok mykje bra frå han i vente. Endå meir spennande kan han bli om han somme tider vel å gå i pianissimo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.