Litt for spretten
Caroline Kaspara Palonens nyaste roman er umiskjenneleg skjønn og rar, men òg litt ufokusert.
Caroline Kaspara Palonen har skrive fem romanar.
Foto: Randi Grov Berger
Roman
Caroline Kaspara
Palonen:
Mascarasøvn
Cappelen Damm
Eg jublar når Caroline Kaspara Palonen kjem med ny bok. Forfattaren frå Harstad er ung, men har alt skrive mange bøker. Mascarasøvn er den fjerde eg les av henne, og den femte totalt.
Det eg likar med bøkene til Palonen, er at dei er unge og friske og ikkje minst snåle. Ho vel seg alltid ut vindskeive unge kvinnelege eg-personar og viser fram kvardagen deira ved å skildre dei usynlege, små, rare detaljane. Her er eit døme frå Mascarsøvn: «Inne i butikken hadde vi god tid. Arvid så på ulike matvarer. Jeg tok en titt på partysortimentet. Jeg liker kunstige, skarpe farger. De friske sjokkene disse fargene gir, jeg forbinder det med å flire høyt. Jeg liker også forestillinga om en fest, kanskje bedre enn sjølve festen.»
Hovudpersonen denne gongen er Edit som nett har gått, eller kanskje er det meir presist å kalle det rømt, frå Egil og huset dei har i lag, sjølv om namna deira passar perfekt saman på dørskiltet. Edit er ein typisk Palonen-figur: konfliktsky, feig og barnsleg, men på ein måte vi kan forstå. Vaksne folk er så hysteriske og overflatiske, og det er forløysande å sjå korleis Edit held seg eit steg unna alt mas om interiør og kva vekedagar det er greitt å ete smågodt. Opningssetninga i romanen er faktisk: «Jeg blir stående litt på avstand.»
Ufokusert
I romanens notid er Edit på hurtigruta på veg vekk frå Egil. Forfattaren sjonglerer elles mellom forskjellige tilbakeblikk. Eg slit med å følge med på tidslina, kva tid dei ulike hendingane skjer i forhold til notida. Heilskapen blir litt grautete.
I det heile er Mascarasøvn litt ufokusert. Vi sprett for fort frå post til post – Palonen hadde tent på å stå meir i ro, vi hadde blitt betre kjende med Edit slik og fått klarare bilete av situasjonane. Og så lurer eg på om det kunne vore kjekt for forfattaren å skrive, og for oss å lese, om noko anna enn kvardagen til den underlege, utilpassa unge kvinna som ikkje får til kjærleiken. No klarer eg nesten ikkje å skilje romanane hennar frå kvarandre.
Kvardagspause
Desse observasjonane får meg til å tenke på skilnaden mellom smak og kvalitet. Når eg eigentleg veit at Mascarasøvn ikkje er den litterært beste boka, blir ho vel litt som ein guilty pleasure når eg sit og trykker henne mot brystet. For eg kosar meg jo så innmari medan eg les denne teksten i den umiskjennelege kvikke og søte Palonen-stilen.
Og boka er jo òg litt elegant: Interiørmotivet går igjen i mange ulike former, og det er noko med dei inngåande skildringane av målingstypar og vasar som gjer teksten klaustrofobisk, sjølv om, eller kanskje snarare fordi, vi geografisk held oss på kysten og endåtil ute på havet på hurtigruta. Det er vel slikt som får menneske som Edit til å stikke av.
Edit finn ein slags fellesskap med dei andre reisande på båten, nokre av dei i liknande lagnadar som ho sjølv, og slik blir Hurtigruta nesten som ein institusjon. Den lette tonen og det tragikomiske ved å finne kvarandre slik minner meg om ei anna bok av året, Rebecca Wexelsens Hotell Montebello. Av og til er det best å ta ein pause frå å bli fortald kven ein burde vere, og kanskje er dette behovet ekstra kritisk når ein er ung vaksen.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Palonen hadde tent på å stå meir i ro.
Palonen hadde tent på å stå meir
i ro.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.