Bok
Litt av kvart om havet
Humaniora kastar loss og fortel om det store blå.
Havet som ressurs: Eit kvalfangstskip sleper kval etter seg ved Spitsbergen sommaren 1906.
Foto: Severin Worm-Petersen / Norsk Teknisk Museum / Digitalt Museum
Eg må berre innrømme det, med det same: Eg har sterke kjensler for havet. Utsyn og nærleik til hav har sett seg som lengt i kroppen, slik landskap frå barndomen set spor i dei fleste. Dei siste åra har også ei uro blanda seg inn, for havet er truga, og erkjenninga av at det er vi menneske som trugar det, sig inn i kvar ei celle i kroppen. Alt dette styrer sjølvsagt mi lesing av denne boka.
I Havet. En idéhistorie samlar professor i idéhistorie Ellen Krefting og historikar og forskar Gard Paulsen kunnskap om havet frå ulike fagfelt. Det vert opplyst om at det er eit mangeårig forskingsprosjekt som ligg bak, finansiert av Noregs forskingsråd.
Havet i 500 år
Så dette er ei omfattande, men lettlesen bok med tekstdykk ned i mykje av det det vestlege mennesket har tenkt om og brukt havet til dei siste 500 åra.
Vi får lese om mytar og tragediar til havs, om skipsbygging, navigasjon og kart, om jus og grensesetting og forsikringar, om slavehandel, sjømonster, sjørøvarar og litt om dagens flyktningar. Forfattarane siterer også bibelvers og skjønnlitteratur, frå Jules Verne til Øyvind Rimbereid. Boka er nydeleg illustrert med teikningar, foto, maleri – og gamle sjøkart.
Boka er delt i fire hovuddelar: «Det truende havet», «Det frie havet», «Det rike havet» og «Det begripelige havet». Forfattarane zoomar inn og ut, skriv både om norske og globale forhold, sjølv om det meste handlar om kva som skjer over overflata, iallfall i dei to første delane. I del tre, «Det rike havet», er det snakk om fiskeri, men vi må vente til neste hovuddel for å høyre om vitskapen sin plass i dette. Inndelinga verkar derfor litt skrivebordskonstruert for meg, eg trur at det med ei kronologisk framstilling hadde vore lettare å sjå dei ulike hendingane og fagfelta i samanheng.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.