Litt av kvart frå nordisk folkemusikk
Unge svenske og norske musikarar har sett saman sin eigen versjon av ulike tradisjonelle element.
Kalejdoskop Trio er Albin Myrin, Sofia Hultqvist Kott og Gard Nergaard.
Foto: Siri Anna Flensburg
Sentrale kjenneteikn for det ein kallar folkemusikk, er ofte at musikken er knytt til ein særskild region eller ein brukssituasjon, til dømes dans, leik, bryllaup, gravferd eller religionsutøving.
Slik kan det framleis vera, men det som er vanlegare, er at folkemusikk er noko ein bestemmer seg for å halda på med, som eitt av mange stilistiske og geografiske alternativ.
Slik er det også med Kalejdoskop Trio, som her kjem med si første plate.
I presseskrivet kunngjer plateselskapet at me får høyra «domedagskoralar, inderlege viser og feitt slåttespel i eit prisme av den nordiske folkemusikken». Og det er nettopp denne samansetjinga av ulike element som karakteriserer prosjektet. To svenske og éin norsk musikar blandar musikk frå ulike stader og historiske brukssituasjonar utan blygsel.
Ei slik tilnærming er dei ikkje åleine om, noko som kan ha samanheng med at det er godt samarbeid mellom nordiske utdanningsinstitusjonar som tilbyd folkemusikkstudium, og det finst mange folkemusikkfestivalar og spelestader som tener som møtestad for unge entusiastar på leit etter nye impulsar og musikalske samarbeidspartnarar.
I utgangspunktet kan det verka som Kalejdoskop Trio spriker i litt for mange retningar, men det er likevel ein heilskap i det, fordi musikarane har funne ein god balanse mellom songstemma og instrumenta og arbeidd med å få instrumenteringa til fungera.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.