Litt av kvart frå nordisk folkemusikk
Unge svenske og norske musikarar har sett saman sin eigen versjon av ulike tradisjonelle element.
Kalejdoskop Trio er Albin Myrin, Sofia Hultqvist Kott og Gard Nergaard.
Foto: Siri Anna Flensburg
Folkemusikk
Kalejdoskop Trio
Kalejdoskop
Sofia Hultqvist Kott: song, shrutibox
Gard Nergaard: hardingfele, oktavfele
Albin Myrin: klarinett
Gammalthea
Sentrale kjenneteikn for det ein kallar folkemusikk, er ofte at musikken er knytt til ein særskild region eller ein brukssituasjon, til dømes dans, leik, bryllaup, gravferd eller religionsutøving.
Slik kan det framleis vera, men det som er vanlegare, er at folkemusikk er noko ein bestemmer seg for å halda på med, som eitt av mange stilistiske og geografiske alternativ.
Slik er det også med Kalejdoskop Trio, som her kjem med si første plate.
I presseskrivet kunngjer plateselskapet at me får høyra «domedagskoralar, inderlege viser og feitt slåttespel i eit prisme av den nordiske folkemusikken». Og det er nettopp denne samansetjinga av ulike element som karakteriserer prosjektet. To svenske og éin norsk musikar blandar musikk frå ulike stader og historiske brukssituasjonar utan blygsel.
Ei slik tilnærming er dei ikkje åleine om, noko som kan ha samanheng med at det er godt samarbeid mellom nordiske utdanningsinstitusjonar som tilbyd folkemusikkstudium, og det finst mange folkemusikkfestivalar og spelestader som tener som møtestad for unge entusiastar på leit etter nye impulsar og musikalske samarbeidspartnarar.
I utgangspunktet kan det verka som Kalejdoskop Trio spriker i litt for mange retningar, men det er likevel ein heilskap i det, fordi musikarane har funne ein god balanse mellom songstemma og instrumenta og arbeidd med å få instrumenteringa til fungera.
Dei melodiske utgangspunkta er tradisjonelle, men det ferdige resultatet er prega av nett desse tre musikarane sitt tette samspel og felles utforma arrangement, som av og til er rytmisk orienterte og av og til droneprega og meditative.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø