Listhaugs kampLegg vi saman det som Listhaug skriv i denne boka, er det vanskeleg å sjå at ho vil ta vare på Noreg som vi kjenner det.
Legg vi saman det som Listhaug skriv i denne boka, er det vanskeleg å sjå at ho vil ta vare på Noreg som vi kjenner det.
Noka stor lesaroppleving ventar ikkje den som opnar Sylvi Listhaugs Der andre tier. Språket er flatt og uengasjerande, og store mengder sjølvrettferd trøyttar. Men så er dette ei bok som er skriven for å slå attende mot dei som tvinga henne til å gå av som statsråd tidlegare i år. Det er mykje urett som skal gjerast opp for.
Men det er òg vener som skal takkast. Sylvi Listhaug gløymer ikkje dei som har gjort henne urett, men heller ikkje dei som har vore til hjelp. Takken til ektemannen som har gjort politikarkarrieren mogleg, er språkleg litt keitete, men står fram som ekte og djupfølt, like eins takken til dei mange namngjevne i partiet som synte omsut for henne etter avgangen frå regjeringa, i tillegg til medarbeidarane gjennom mange år.
Boka fylgjer mønsteret for det som no er blitt sjangeren for halvvegs sjølvbiografiske politikarbøker. Det tek til med tilbakeblikk på oppveksten på Sunnmøre og vegen inn i politisk engasjement fram til stortingsmandat og statsrådspost, der det viktigaste er å syne korleis verdiar frå barndomen, arven frå besteforeldre og lokalsamfunn, har vore styrande for det ho har stått for.
Kampen mot EU-medlemskap i 1994 var det som vekte henne til å ta opp politikken og gå inn i Framstegspartiet. Det stod om Noregs sjølvstende og framtid. Innvandringspolitikken var ikkje det viktigaste. Først etter at ho fekk ansvar for dette feltet i partiet og «sett hvor mye juks det er, hvor urettferdig og skakkjørt systemet er», vart det klart for henne at dette var «det viktigste temaet for fremtiden».
Og stort sett handlar boka om innvandring, kor skadeleg for Noreg det er med innvandring av folk frå andre land og andre delar av verda, kor naudsynt det er å få stoppa flyktningar som vil busetje seg i landet vårt.
Kampen mot eliten
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.