Teater

Linedans mellom kjensle og fornuft

Ibsens havfrue i Trondheim er klok midt i det irrasjonelle.

Trond-Ove Skrødal som doktor Wangel, Madeleine Brandtzæg Nilsen som Ballested, og Silje Lundbland som Ellida Wangel.
Trond-Ove Skrødal som doktor Wangel, Madeleine Brandtzæg Nilsen som Ballested, og Silje Lundbland som Ellida Wangel.
Publisert

Noko av utfordringa med å vurdere Ibsen-framsyningar er at vi helst må late som vi ikkje kjenner stykket frå før. Når vi likevel ikkje klarer det, kan vi nok lett hefte oss ved detaljar og tolkingsval vi ikkje er samde i, ting ein urøynd tilskodar kan hende ville både akseptere og like. Med den nye Fruen fra havet på Trøndelag Teater kjem fort dette dilemmaet opp, sjølv om det straks kan seiast at det er ei varm, kjensleladd og ofte gripande framsyning.

Rollefordeling

La oss ta kjeftinga først, så er det gjort. Å fordele roller stikk mot alder og utsjånad til skodespelarane, for ikkje å seie kjønn, kan nok gjerne vise veg til nye lag i ein tekst. Men det kan òg vere villeiande. At småbyoriginalen Ballested, stykkets forteljar på sidelina, vert spelt av ei kvinne, er heilt greitt, sjølv om det er ein mann hjå Ibsen. Men her er Ballested endåtil ei ung jente. Det rimar ikkje med det mangslungne livet og fortida han fortel om. Og overlærar Arnholm vert i replikkane omtala som ein halvgamal og halvskallete, heller udelikat fyr. Her er han ein kjekk ung kar, ikkje spor eldre enn dei unge døtrene i huset. Det gjer den valne frieriscena i femte akt heller merkeleg. Merkeleg verkar det straks òg at «Den fremmede», mannen frå fortida som Ellida aldri har kunna gløyme, er ein blottande ung mann, openbert yngre enn ho. For ti år sidan, i Skjoldviken, må jo denne mannen ha vore ein reivunge? Etter kvart aner vi kan hende ein Peter Pan-faktor, helten som aldri vert vaksen. Men er det tilsikta?

Det siste ankepunktet vi ikkje kjem unna, er den minimalistiske scenografien. I heile første akt vert det snakka om kor fint og festleg jentene har pynta åstaden. Det vert berre til påstandar når scenen er nærast tom for ytre effektar.

Innsats

Men, men – til sjuande og sist er det likevel skodespelarane det står og fell med. Heile ensemblet er fint til stades i rollene. I meste laget i krysning mellom realistisk og impresjonistisk spel er døtrene Wangel, spela av Madalena Sousa Helly-Hansen (Bolette) og Emma Caroline Deichmann (Hilde), men dei held likevel karakterane faste og overtydande. Jon Lockert Rohde som Arnholm og Emil Olafsson som den barnslege kunstnarsjela Lyngstrand får vakkert fram både det forvitne og det sårbare i figurane. Og Trond-Ove Skrødal som doktor Wangel gjev oss retteleg klump i halsen når han i fortviling tek den endelege avgjerda si. Ei veik, men glødande framstilling. Ellida Wangel sjølv vert spelt med rik kjensleutblåsing av Silje Lundblad. Dette er ei kvinne som aldri misser hovudet, ho ser den store sinnskrisa si både utanfrå og innanfrå, og så står ho jo der, forunderleg stålsterk og samstundes heilt hjelpelaus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement