Teater

Lindring mot livet, drift mot døden

Ine Jansen spelar ein rusmisbrukande skodespelar.
Ine Jansen spelar ein rusmisbrukande skodespelar.
Publisert

Britiske Duncan MacMillans stykke handlar om tilhøvet vaksne mennesket har til rus, i eit sceneunivers der det ramt realistiske vert kryssa med det hallusinatoriske. På sitt beste er det fascinerande og rørande, men her er òg scener som verkar tendensiøst parodiske.

Nøkkelen til stykket er dilemmaet: Kven er eg når eg er rusa, og kven er eg når eg er rusfri? Kven er den verkelege meg? Hovudpersonen, ein ung skodespelar, glimrande framstilt av Ine Jansen, har innsett at det berre er på scenen ho har kontroll over livet. Vi møter henne hovudsakleg i konfrontasjonar med hjelpeapparat, terapeutar og medpasientar i gruppeterapi. Framstillinga av henne sjølv er heilstøypt, men dei fleste andre speler fleire roller. Det gjer med ein gong stykket meir preg av satirisk revy – og er eit urettferdig autentisitetsfortrinn for hovudpersonen. Typisk nok, dei utanom Ine Jansen som gjer sterkast inntrykk, er Eindride Eidsvold og Erland Bakker, av di dei berre spelar ei og same rolle. Unnataket er nest siste scene, der vi møter Per Egil Aske og Anneke von der Lippe som foreldra til hovudpersonen. Her er det som vi får den endelege løysinga på ei kriminalgåte. Aske og von der Lippe tek ut potensialet i denne sekvensen for alt det er verdt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement