JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Like sant som det er valdeleg

Hanne Ørstavik held fram med ærlege og inderlege undersøkingar av dei inste romma.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hanne Ørstaviks bøker er omsette til 30 språk.

Foto: Linda Bournane Engelberth

3619
20230512
3619
20230512

Roman

Hanne Ørstavik:

Bli hos meg

Oktober

Med ein tittel som alluderer til ein av dei mest kjende salmane våre, har Hanne Ørstavik på nytt skrive ein roman der ho borar djupt i kjenslelivet. Sambandet mellom menneskeleg psykologi og religion ligg som ein undertekst her, eit tema forfattaren har tangert tidlegare.

Sidan debuten i 1994 har Ørstavik synt stor evne til på uredd vis å bevege seg innover til dei inste og mest sårbare plassane i menneskesinnet. Der er potensialet for lykke aller størst, men også faren for den verste sjelelege smerta.

Det kan ikkje vere tvil om at forfattaren skriv tett på eige liv – og dermed også om verkelege, nolevande personar. Likevel vekkjer ikkje Ørstaviks bøker (med unntak av ei sak for mange år sidan) den same debatten kring røyndomslitteratur og autofiksjon som til dømes romanane til ei anna viktig samtidsforfattarar, Vigdis Hjorth.

Der Hjorth er meir utfordrande og sint, er Ørstaviks prosa vidopen, også for smerta hos den andre. I dette ligg det ei forsonande haldning, som gjer teksten mindre konfronterande. I Bli hos meg er eg-personen nettopp for open, skal det vise seg, noko som gjer at ho går inn i skadelege relasjonar. Ho er bunden, av gamal smerte, og open på ein gong. Korleis bli fri?

Spegelhistorie

Her er to parallelle historier. Hovudhistoria held fram omtrent der Ørstaviks førre roman, Ti amo, slutta: Hovudpersonen er forfattar og enke og bur delvis i Italia, delvis i Noreg. I Milano treffer ho ein ny mann, ein ung mann, og innleier det som raskt blir ein turbulent kjærleiksrelasjon. Samstundes har romanen eit metaplan med mange litterære referansar.

Eg-personen byrjar å skrive om ei anna kvinne i noko som blir som ei spegelforteljing til hennar eiga. Norske Judith er i Minneapolis der ho skulle bu saman med mannen sin, men mannen døydde ikkje lenge etter at dei kom dit. I denne tilstanden av limbo møter også ho ein ung mann som blir elskaren hennar. Judith-partia er fine, dei òg, men karakteren Judith kunne kanskje ha fått litt større plass når ho først skulle vere med, og den amerikanske kjærleiksrelasjonen blir noko diffus.

Den verste tyrannen

Boka tematiserer vald i parforhold. I relasjonen hovudpersonen innleier med den italienske handverkaren, ligg valden som ein potensiell fare rett under overflata. Både eg-personen og italienaren vaks opp i familiar prega av vald. I slike familiar listar ein seg på tå kring den potensielt valdelege for ikkje å provosere, eit liv i konstant beredskap.

I relasjonen på notidsplanet spelar barndomen seg ut på ny. Det er eit velkjent tema, men i Ørstaviks vare, nesten lysande prosa blir det relevant og levande. Om ein maktar og vågar å gå inn i seg sjølv, kan ein brøyte seg ut og bli fri frå gamle traume. I romanen skjer dette ved hjelp av sjelereiser som kjem i stand av narkotiske middel.

På reisene ser eg-personen den redde jenta ho inst inne framleis er. Omsider greier ho å gå inn dit, til det inste rommet, bak den inste grinda, og fram til den vesle jenta som har stått fastfrosen i angst der inne sidan tidleg barndom. Endeleg kan ho hjelpe henne ut og slik setje seg sjølv fri.

Det handlar altså om å ta ansvar for seg sjølv. Hanne Ørstavik viser oss kor lang vegen inn til det inste rommet kan vere, det kan ta eit liv å kome dit. Ho handsamar det vanskelege temaet med stor varsemd, og med denne fullstendig opne haldninga som gjer at ein nesten blir svimmel medan ein les.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis