Musikk

Lien fornyar folkemusikken

Dei mest kreative i klassa lagar råtøff folkemusikk.

Kenneth Lien og Jørgen Skjulstad byr på ny folkemusikk.
Publisert Sist oppdatert

Multiinstrumentalisten Kenneth Lien kjenner me best frå trioen Ælvestaden. Han har brukt mykje tid på å utforske røtene til black metal og improvisert rock, men han har òg lenge vore oppteken av fele, hardangerfele, seljefløyte og munnharpe, pluss ei rekke andre gamle norske folkemusikkinstrument.

I dette prosjektet samarbeider han med multiinstrumentalisten Jørgen Skjulstad, med kunstnarnamnet Center of the Universe, som tek seg av trommemaskin og synthesizer. I tillegg har dei invitert med gode vener, og Lien får me høyre på hardingfele, munnharpe, seljefløyte, lyre og lur.

Frå dei startar opp med «Fanitullen» til dei sluttar av med «Håvards sorg», har dei vore innom fleire delar av den norske folkemusikktradisjonen.

I dei seinare åra har vi fått mange «avartar» av den norske folkemusikken. Og med dette bandet får me nok ein ny variant. Og at dei opnar med «Fanitullen», som vossingen og meisterspelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa og Saft gjorde suksess med på Ragnarock i Holmenkollen i 1973, får vi ein låt alle kjenner, berre at me her får han i ei enda meir moderne og tidsriktig utgåve.

Dei fleste låtane har hardingfela i sentrum, men me får også høyre utmerkt spel på munnharpe og seljefløyte, i utmerkt samspel med meir moderne lydar.

Dei er tru mot tradisjonen, og spesielt synest eg det fungerer fint i dei to springarane «Gamle Vølin» og «Gamle Teigen» – to danseviser frå Valdres, der tradisjonane er tatt vare på, i ei fin moderne innpakking, før dei avsluttar denne moderne dansekvelden med «Håvards sorg», med hardingfela i sentrum, med trommemaskin omtrent som Lien skulle ha trampa takta, og eit rytmisk trommespel og ein synthesizer som legg seg fint og tett på hardingfela.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement