Levande litteraturkritikk med sting
Det hadde nok gjort godt om Willy Dahl framleis kunne lesast som god standard for litteraturkritikk.
Lyrikaren Jan Erik Vold fekk både lovord og anna av kritikaren Willy Dahl.
Foto: Oddvar Walle Jensen / NTB
Denne boka frå ein av dei mest markante personlegdommane i norsk litteraturforsking er rett så overraskande. Kven skulle tru at gamle bokmeldingar kunne opplevast så doggfriske og morosame? Anten ein er matlei boklesar med overfylte hyller eller har vondt for å halde oversynet over litterær produksjon i siste halvdelen av 1900-talet, vil ein ha glede av denne boka.
Boka gjev eit eineståande tidsbilete frå nærare førti års litterær utvikling og diskusjon i Noreg. Det er sjølvsagt kulturhistorisk viktig, men skrivemåten, den direkte, spenstige utviklinga av perspektiv og synspunkt, er dessutan svært underhaldande og lettilgjengeleg informativ. Lesaren sit igjen med ettertankar om kva som er det verkelege poenget med og verdien av litteraturkritikk og jamvel litteraturforsking.
Treffande
I starten, frå femtital til sekstital, er meldaren ikkje nøgd med tilstandane i norsk lyrikk, han meiner marknaden er inflatert; for mange diktsamlingar held ikkje mål eller er knapt nok poesi. Og dette kjem ikkje frå ein med gammalmodige oppfatningar om kva som er god dikting, for Dahl er konstant ute etter å finne ut av kva det er som fornyar og endrar biletet av litteraturens rolle og påverknadskraft.
Di meir interessant er det kor sikkert dei trefte, vurderingane av kven som ville ha framtida for seg, og kven som i si samtid og nære ettertid enno ikkje var skikkeleg oppdaga av det lesande publikum. Såleis den unge døde Olav Nygaard, som Dahl meiner burde vore langt meir kjend og akta, men òg namn som i starten ofte ikkje vart like godt mottekne av andre meldarar, såleis Rolf Jacobsen, Olav H. Hauge, Emil Boyson og fleire.
Det var ikkje gjeve at ein skulle treffe så godt om Olav H. Hauge i 1956, men Dahl såg ofte tidleg kva som var omframt godt. Her er flest mannlege forfattarar. Når Dahl skriv om kvinnene, som Halldis Moren Vesaas, Aslaug Laastad Lygre og Torborg Nedreaas, er han ikkje mindre interessant, for han kjem inn på kva dei gav av nytt til norsk litteratur som vart ståande. Tilsvarande gjeld Annemarta Borgens personlege memoarbok om mannen Johan Borgen, det personlege som likevel ikkje kan gramsast i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.