Levande litteraturkritikk med sting
Det hadde nok gjort godt om Willy Dahl framleis kunne lesast som god standard for litteraturkritikk.
Lyrikaren Jan Erik Vold fekk både lovord og anna av kritikaren Willy Dahl.
Foto: Oddvar Walle Jensen / NTB
Sakprosa
Willy Dahl:
Kaktus og roser.
Anmeldelser av norsk litteratur 1954–1991
Alvheim og Eide
Denne boka frå ein av dei mest markante personlegdommane i norsk litteraturforsking er rett så overraskande. Kven skulle tru at gamle bokmeldingar kunne opplevast så doggfriske og morosame? Anten ein er matlei boklesar med overfylte hyller eller har vondt for å halde oversynet over litterær produksjon i siste halvdelen av 1900-talet, vil ein ha glede av denne boka.
Boka gjev eit eineståande tidsbilete frå nærare førti års litterær utvikling og diskusjon i Noreg. Det er sjølvsagt kulturhistorisk viktig, men skrivemåten, den direkte, spenstige utviklinga av perspektiv og synspunkt, er dessutan svært underhaldande og lettilgjengeleg informativ. Lesaren sit igjen med ettertankar om kva som er det verkelege poenget med og verdien av litteraturkritikk og jamvel litteraturforsking.
Treffande
I starten, frå femtital til sekstital, er meldaren ikkje nøgd med tilstandane i norsk lyrikk, han meiner marknaden er inflatert; for mange diktsamlingar held ikkje mål eller er knapt nok poesi. Og dette kjem ikkje frå ein med gammalmodige oppfatningar om kva som er god dikting, for Dahl er konstant ute etter å finne ut av kva det er som fornyar og endrar biletet av litteraturens rolle og påverknadskraft.
Di meir interessant er det kor sikkert dei trefte, vurderingane av kven som ville ha framtida for seg, og kven som i si samtid og nære ettertid enno ikkje var skikkeleg oppdaga av det lesande publikum. Såleis den unge døde Olav Nygaard, som Dahl meiner burde vore langt meir kjend og akta, men òg namn som i starten ofte ikkje vart like godt mottekne av andre meldarar, såleis Rolf Jacobsen, Olav H. Hauge, Emil Boyson og fleire.
Det var ikkje gjeve at ein skulle treffe så godt om Olav H. Hauge i 1956, men Dahl såg ofte tidleg kva som var omframt godt. Her er flest mannlege forfattarar. Når Dahl skriv om kvinnene, som Halldis Moren Vesaas, Aslaug Laastad Lygre og Torborg Nedreaas, er han ikkje mindre interessant, for han kjem inn på kva dei gav av nytt til norsk litteratur som vart ståande. Tilsvarande gjeld Annemarta Borgens personlege memoarbok om mannen Johan Borgen, det personlege som likevel ikkje kan gramsast i.
Rettleiande
Meldinga av Jan Erik Volds Mor Godhjertas glade versjon. Ja (1968) grip kva det er Vold lærer oss om poesi, nemleg korleis diktet syner fram røyndommen. Sluttorda i meldinga er: «Dette er altså ingen vanskelig bok. Den som etter denne boka kan si at han ikke skjønner moderne poesi – han kan sannsynligvis heller ikke lese.» Så får likevel Vold gjennomgå for andre skrifter, men Dahl markerte at Kykelipi (1969) var «laget av Norges frodigste, mest levende og – kanskje – mest begavede skribent akkurat nå».
Dette inneber sjølvsagt òg at her er det mange som får sitt pass inn i litteraturen påskrive med ein streng rettleiars merknader. Ja, Dahl seier det er rettleiar ein litteraturkritikar bør vere – men det krev sjølvsagt eit renessansemenneskes oversyn og innsikt, noko Dahl tidleg utvikla ved sine omfattande vandringar i tekstkultur av alle slag. Difor kan vi som er vane med å lese meldingar av debutantar som får klapp på skuldra for gode forsøk, verte litt støkte over den strenge handsaminga av unge ferske skribentar så vel som dei eldre, meir sette med sine maniar og manerar.
Om debutsamlinga Ein gul dag (1963) får den 23 år gamle Einar Økland vite av 36-årige Dahl at «er hele samlingen alvorlig ment, er det bare å folde hendene fromt og håpe på at den snart brister, den forlagsboblen som norsk lyrikk svever på». Vel, stødige Økland gjekk nok ikkje og gøymde seg i kjellaren av den grunn, og kunne seinare gle seg over jamt betre meldingar frå same hald, sjølv om Dahl i 1972 fann grunn til å åtvare mot resultatet av innkjøpsordninga, sidan forlaget ikkje hadde brydd seg med å «grave fram gullet i manuskriptmassen og hive det likegyldige på slagghaugen».
Tidsriktig
Dahl kjem elles rett som det er inn på måten innkjøpsordninga har fungert, nemleg til å styre utgjevarpolitikken i retning av det tidsrette, og dessutan å få utgjeve for tjukke bøker til for høg pris. Desse temaa er framleis for lite diskuterte, av dels opplagde grunnar – ikkje alle har civil courage til å ta på dei ømme punkta. Samla sett er det mange impulsar i boka til å tenkje over korleis det er gått med litteraturpolitikken.
I rettleiingstenesta si overfor forlaga la Dahl ikkje noko imellom i karakteristikkane av det som ikkje heldt mål, anten skrivaren heitte Jan Bull, Fridtjof Lande, Erling Christie, Aslaug Groven Michaelsen, Øystein Lønn eller Knut Faldbakken. Alle vurderingar er alltid grunngjevne, ut frå dei premissane tekstane sjølv byr fram, oftast med eit godt mål av velvilje og ynske om å forstå prosjektet til forfattaren. Då vert jo lesaren invitert til å tenkje vidare sjølv.
I omtalen av fagbøker om litteratur ser vi korleis Dahl er tydeleg på at «alminneligheter» og repetisjonar av gamle oppfatningar ikkje er det vi treng, men nye tilskot til forståing og oppleving.
Tekstanalysar
Det var eit godt påfunn å late Erik Bjerck Hagen vere med på å gjere utvalet av tekstar. I sitt fine og opplysande føreord viser Hagen såleis til debattane som fylgde av Willy Dahls kritiske lesingar av Jens Bjørneboe. Dei skapte stor røre, men undervegs kom Dahl med ei rekkje drøftingar av kva som er det grunnleggjande arbeidet til kritikaren. I kortform er det å setje verket inn i ein (tekst)historisk kontekst og utføre tekstanalysar – for så å kome til vurderinga om verket verkar «til godt og ondt». Slik kan vi også lese Willy Dahls engasjement for å analysere populærlitteraturen, som Morgan Kane; her gav Dahl då også viktige impulsar til medieforskinga.
Erik Bjerck Hagen har opplagt rett i at Willy Dahl skulle vore meir påakta av kritikkhistorikarane som ein av Noregs viktigaste litteraturkritikarar. Det hadde nok òg gjort godt om Dahl framleis kunne lesast som god standard for litteraturkritikk. Dette kan vi alle no setje oss betre inn i – og kan hende vil du som eg gjere det med overraskande fryd.
Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.