Musikk

Levande kjærleik frå Gud, mann, guru

Å høyre ei ny liveplate frå Nick Cave må kunne kallast ein ganske god start på eit nytt år.

Nick Cave & The Bad Seeds trong ein gymsal for å få plass til alle på biletet.
Publisert Sist oppdatert

«Eg veit ikkje kva det der er», seier Nick Cave, lett forvirra, omtrent to minutt inn i «Red Right Hand». Ein i publikum svarar noko, og det demrar for Cave: «Å… er det meg?»

Kva som var «meg», vert ikkje forklart. Men det er vel eit måla eller teikna artistportrett, enkelte pleier å ha med slikt på konsert. Skilnaden er at «kunstnaren» no vert hengd ut som ikkje særleg god til å måle Nick Cave, på ei plate.

«Red Right Hand» startar den siste tredjedelen av livealbumet Live God. 1994-låten er for mange meir kjend som introen til det historiske gangsterdramaet frå Birmingham, Peaky Blinders. Då Cave hadde spørsmål og svar-turné for nokre år sidan, altså reiste rundt åleine og spelte songar på piano og svarte på spørsmål frå salen, fekk han eit spørsmål om dette i Bergen.

Han fnyste. «Eg bryr meg ikkje om pokkers Peaky Blinders.»

Eit blodraudt skjer

Denne useieleg kvasse og tydelege kompromissløysa, både i det han seier og kven han seier det til, er noko av forklaringa på at det alltid er interessant å oppleve endå ein Nick Cave-konsert. Monologane og utskjellingane hans er ein sentral del av konsertane. Difor er det mildt irriterande at mykje av det som vert sagt mellom songane her, ikkje er med på dette sjette livealbumet frå australiaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement