Musikk

Levande detaljar

Night As Day Day As Night er fridom og sjølvdisiplin i elektroakustisk versjon.

Anja Lauvdal, Christian Winther og Espen Reinertsen speler saman på plata Night As Day Day As Night.
Publisert Sist oppdatert

Denne korte og stramt komponerte plata (speletid 28 min.) er resultatet av eit møte mellom tre framståande musikarar med bakgrunn frå moderne jazz, ambient, støy, rock og mykje anna.

Gitarist Christian Winther har mellom anna spelt støymusikk med Lasse Marhaug, alternativ rock med Selma French og improvisasjon med Monkey Plot, og vore medlem av Trondheim Jazzorkester. Pianist Anja Lauvdal kan visa til eit tilsvarande mangfald, som medlem av Moskus, Broen og Skadedyr, eigne prosjekt og turnerande keyboardist med Jenny Hval. Også saksofonist Espen Reinertsen har spelt med Trondheim Jazzorkester, og dessutan med Christian Wallumrød Ensemble og Streifenjunko, og er mottakar av ei rekke prisar.

Men i tillegg til hovudinstrumenta sine nyttar alle tre elektronikk av ulike slag. Og det er den elektroniske handsaminga av akustiske klangar som er den sentrale arbeidsmåten i dette prosjektet.

Sjølv om det er tale om musikarar som kjenner ulike typar tradisjonelt musikalsk handverk, er det ikkje desse sidene dei eksponerer her. I staden utforskar dei små detaljar på instrumenta sine, og det meste av tida er det vanskeleg å vite korleis lydane er laga. Av og til kjenner ein att lyden av gitar og ein og annan treklang, men konvensjonelt spel førekjem sjeldan. Det er desse elektroakustiske detaljane som gjer musikken spanande, men samstundes er det ein draumeaktig tilstandsmusikk ein lett kan nyta utan vidare fortolking.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement