Bok

Lettlesen biletbok

Publisert

I 1988 starta forlaget Damm opp med serien Leseløve. Etter 30 år og over ein million selde bøker er dette landets klart største lettlesenserie. Pyse er ein av sju nye titlar som kjem ut ved inngangen til bokåret 2019.

Boka handlar om Jon som skal i bursdag. Han gruar seg. Han likar nemleg ikkje brus, men det kan han vel ikkje seie? Då vil dei andre tru at han er ei pyse.

Pyse er skriven og illustrert av Kari Stai. Ho er prislønt for dei populære biletbøkene om Jakob og Neikob. Denne boka har eit heilt anna uttrykk: enklare, men også annleis på ein estetisk overtydande måte. Pyse opnar for ei større kunstnarleg erfaring enn lettlesne bøker vanlegvis inviterer til.

Tydelegast kjem det til uttrykk i perspektiv og proporsjonar. Jon har store, vanskelege ting å tenkje på, hovudet er tilsvarande digert i høve til kroppen. Kari Stai forsterkar dramaturgien ved å zoome inn og ut i oppslaga, men held dei vaksne utanfor bildekanten. Tekst og bilete utgjer ein heilskap, styrkeforholdet er jamt mellom dei to uttrykka.

Bileta avgrensar seg oftast til å understreke teksten i bøker som er lettlesne. I Pyse utvidar illustrasjonane dei korte setningane, slik som når Jon er stengd inne i brusflaska i starten av forteljinga. Biletet er med på å opne teksten for refleksjon og samtale. Slik når boka fram til lesaren, og ho blir verande som ei erfaring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement